Landhusholdningsselskapa organiserte på 1830-talet m.a. ei ordning med reisande lærarar som skulle drive som vandrande "misjonærar" for moderne jordbruksmetodar - m.a. betre handtering av krøter og mjølkeprodukt.
Sogndal Sogneselskab vart skipa av opplysningspresten
Peder Pavel Aabel kring 1830. Alt i 1831 fekk han sogndøler til å dyrke importerte kornsortar som t.d. himalayabygg.
Den første vandrande "jordbrukslæraren" i Sogn og Fjordane var Elling Rasmusson Aaberge frå Sogndal.
Teodora Selseng frå Sogndal vart etter utdanning på Utstein engasjert som vandrelærar i meieribruk i Sogn og Fjordane.
Då det i siste halvpart av 1800-talet vart aktuelt å byggje meieri i landet, stilte mange lokale sokneselskap seg i brodden for reising av slike.
Fjærland fekk sine to første meieri på Bøyum og i Mundal i 1896.
vart skipa som eit lutlag av 72 bønder i 1913, og dei bygde til då det største meieriet i fylket i Sogndalsfjøra i 1914. Meieriet vart lagt ned i 1996. Meieribygget vart ombygt til m.a. studentheim, festsal og studentkro.