|
Gaupne gamle kyrkje. (Foto: A. Nybø © 2003) |
frå 1647 - med bygningsdetaljar henta frå ei tidlegare stavkyrkje.
frå 1240 - steinkyrkje med særs vakkert steinarbeid og eineståande barokk-interiør.
frå 1620 i Indre Hafslo.
frå 1660.
|
Munthe-huset. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Munthe-huset
- restaurert herskapshus på den gamle storgarden i Ytre Kroken - sjå:
Kroken - adelssete og kulturelt senter.
- kunstgalleri i låven på det gamle
Walaker Hotell i idylliske Solvorn.
|
Klatrarar på Nigardsbreen. (Foto: Stein Magne Os, NRK) |
med brearmane Nigardsbreen, Bergsetbreen i Krundalen, Tuftebreen, Fåbergstølsbreen og Austdalsbreen ned mot Jostedalen - og Austerdalsbreen ned mot Veitastrond. Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa med ei flatevidd på 500 kvadratkilometer. Jostedalsbreen vart nasjonalpark i 1992, og dekkjer eit areal med bre og kringliggjande fjell på 1320 kvadratkilometer. Lokale breførarlag arrangerer turar på breen.
|
Breheimsenteret. (Foto: T. Sivertstøl, NRK) |
Ved Nigardsbreen ligg
Breheimsenteret i Jostedalen som har utstillingar om Jostedalsbreen og brehistoria. Det er kafé i senteret, og dei tilbyr turistinformasjon og formidlar guida turar på breen.
Mørkridsdalen
- storfelt og uregulert dalføre med den verna Mørkridselva.
|
Feigumsfossen. (Foto: B. Bergum, NRK) |
Feigumfossen
- 218 meter høgt fossefall på austida av Lustrafjorden. Fossefallet er det femte høgste i fritt fall i Noreg, og er verna.
- Sognefjellsvegen vart nasjonal turistveg i 1997. Høgste punkt er 1434 m.o.h. og frå vegen har ein storfelt utsyn til toppane i Jotunheimen. (Sjå:
Fjellklatrarhotella på Turtagrø).
Skipa i 1980. Den dekkjer eit areal på 1.145 kvadratkilometer. Galdhøpiggen med sine 2.496 m.o.h. er Noregs høgste fjell. Den ligg på Oppland-sida. Ti av Den Norske Turistforening (DNT) sine hytter ligg i Luster kommune - i Jotunheimen og Breheimen.
|
DNT-hyttene på Fanaråken i Jotunheimen. (Foto: Ingvild Ramstad, NRK) |
Fuglesteg
Frå den restaurerte høgdegarden Fuglesteg med særmerkte steinhus er det storfelt utsyn over Fortunsdalen og Skjolden.
|
Fuglesteg. Foto: Rune Kjær Valberg, NRK |