- historia om meieria i kommunen.
Nordaust for stølen Dalen som høyrer til Indre Hafslo, ligg Kleberseggi. Her var det i eldgamle tider eit stort klebersteinsbrot - eit av dei få kjende i Sogn og Fjordane.
I Dalsdalen ovanfor Luster låg nokre av dei største hellebrota i Sogn.
Jernvinne på Åberge?
Ei kjelde frå 1810 hevdar at det i gamal tid skulle ha vore jernvinne på garden Åberge ved Gaupne. På vegen "Jargaldane" skal det då ha vorte frakta myrmalm frå stølane til Åberge og ned til smeltehytta som låg på "Belgen". Mellom husa på Belgen kunne ein tidlegare sjå spor etter slagg og jernsmelting, og også i nyare tid skal det har vorte funne spor etter slagghaugar.
Kring 1800 vart det starta eit lite teglverk i nokre leirførekomstar som ligg på Bjørkhaug nedanfor Furehaug.
Det første teiknet på sagbruksdrift i Luster finn ein i 1597. Men det var først frå midten av 1600-talet at produksjonen av skurlast skaut retteleg fart.
I Hafslo var det tre vassdrivne bygdemøller: Krabbemølla ved Modvagrovi, Veamølla med vatn frå Daleelvi, og mølla i Marifjøra som tok vatnet frå elva Mara.
Både Hans Feigum og Peder Steen, som begge stod sentralt i haugianarflokken i Luster midt på 1800-talet, dreiv fargeri.
A. G. Behaim Eftf.
- fargeri og fargeproduksjon i Marifjøra - sjå:
Haugianarar dreiv stamper og fargeri.
|
Isen vart saga frå vatna. (Foto: Magne Helge Sleire, NRK) |
Før moderne fryseteknikkar kom i bruk, måtte matvarer kjølast med naturleg is. Der tilhøva låg til rette for det - med rikeleg is frå ferskvatn like ved fjorden - utvikla det seg særleg frå midten av 1800-talet og utover ein stor produksjon av is.
Bakeri i Solvorn
Sjur Olsen Thune starta bakeri i 1900 i Solvorn. Han dreiv til 1933, då sonen Sigurd Thune overtok, og seinare starta Sigurd også landhandel saman med ektemaken Kristina. Dei dreiv verksemda fram til 1967.
Hovudingrediensane var harpiks og sprit, og produktet vart marknadsført under merket "Jotun hudsmurning".
Jon Ness starta først med mølle og sagbruk i Marifjøra kring 1900. Ness bygde også eit lite kraftverk. Ness tok også over landhandelen etter onkelen.
Sigarfabrikk i Solvorn
i 1902 - sjå:
Tobakksdyrkinga i Luster.
Sakris O. Næss starta landhandel og bakeri i Høyheimsvik i 1905. Sakris dreiv også kaia og var poststyrar. Han dreiv også eit sagbruk.
Joranger sitt bakeri
Johannes Joranger starta bakeri i Marifjøra i 1915, og i 1918 landhandel. Sonen Per Joranger tok over som bakar då faren døydde i 1948, medan systera Anna Joranger heldt fram med landhandelen. Ho gifta seg i 1952 med Wilhelm Oma, og saman dreiv dei handelen til 1992. Per Joranger - "Bakar-Per" - dreiv bakeriet til 1981.
A/S Sperle sagbruk
Sagbruk i Jostedalen starta i 1919 av Jon Sperle og seinare overteke av sonen Bjarne Sperle. Sagbruket har vore det viktigaste for leigesaging for skogeigarane i Jostedalen. Elles i Jostedalen dreiv Sjur L. Bakken sagbruk ved Sagerøyelva, og Lars Gjerde driv også sag på Gjerde.
L/L Sogns Elektrostaalverk
vart bygt i Fortun i 1919. Sjå:
Industridraumar i Fortun.
Bakeri og kaffistove i Marifjøra
Tora og Nils Øy starta kring 1924 bakeri i Marifjøra. I ein periode dreiv dei også ei kaffistove. Dei la ned verksemda i 1968.
Skreddar Karl Nes
Karl Nes starta i 1929 som skreddar på Hafslo, og hadde ei tid opptil fem personar i arbeid. Verksemda vart lagt ned i 1958.
Starta i 1929 av byggmeister Anders Dalehaug i det gamle meieriet på Døsen.
P. Thune A/S
- landhandel og bakeri i Ytre Hafslo vart starta av Per Thune i 1929. Han overtok då eit halvferdig hus på Skjervheim og bygde det om til butikk. Sonen Sverre Thune tok over i 1962 og dreiv fram til tredje generasjon ved Per Ove Thune tok over i 1982.
Landhandel og bakeri i Skjolden
Kristoffer Larsson Kristoffersen starta landhandel og bakeri i Skjolden i 1930. Sønene Alf og Leif Kristoffersen tok over butikk og bakeri i 1960 og dreiv til den vart avvikla i 1999.
Hafslo Trevarefabrikk
vart starta i 1930 av Klaus Alme. Han produserte dører, vindauge og andre innreiingsartiklar, og sysselsette fire personar. Han avvikla på 1960-talet og starta møbelbutikk i Sogndal.
i Luster vart starta i 1934 av Olav Bondevik og Lars Aaberge.
Bakar Hagelund
Lars Hagelund starta som bakar i Marifjøra i 1935 og dreiv til kring 1945.
Snikkar Bolstad
Sigvald Bolstad starta i 1936 snikkarverkstad i Skjolden. Han hadde to-tre personar i arbeid, og dei produserte både innreiingsartiklar og møblar, dreiv hjulmakeri og produserte også litt souvenirar.
Brødrene Teigens Sagbruk & Kassefabrikk
på Alsmo vart starta i 1938 av brørne Nils og JohanTeigen. Dei produserte m.a. fruktkasser og ostekasser. Ostekassene var ein stor artikkel ikkje minst i Luster-bygdene, der det var dårleg med meieri, og osten måtte kokast og pakkast på gardane for vidaresal gjennom smørlag eller lokale kjøpmenn.
Snikkar Øygarden
Gunnar Øygarden frå Luster dreiv ein mindre snikkarverkstad frå 1940 til 1960, først i Dalsdalen, og frå 1950 på Kvåle. Verkstaden laga både møblar om bygningsartiklar.
Gruvedrifta i Kinsedal
– Sjå samleartikkel under
Krigshistoria i Luster om Norsk Hydro sine kjøp av anortositt-felta i Kinsedal i 1918, og om tyskarane si store utbygging i Kinsedal under 2. verdskrig.
Skomakarar i Marifjøra
Brørne Magnus, Sverre og Trond Sønnesyn starta i 1942 skomakarverkstad i Marifjøra.
I tillegg til reparasjonsarbeid, laga dei også nye sko og hesteselar.
Sagbruk og kassefabrikk i Solvorn
Einar og Per Søhoel starta sagbruk og kassefabrikk i Solvorn i 1947. Per dreiv mest sagbruket og kasseproduksjonen - delvis med innleigd hjelp i sesongane. Han slutta med kasseproduksjonen på 1970-talet.
Lars Øvrebø og Ludvig Hjelmhaug starta bilverkstad og smie på Kjos i Hafslo på slutten av 1940-talet. Hafslo Bilsenter AS tok over i 2000.
Synfiber konfeksjonsfabrikk vart starta i Oslo i 1962 av lustringen Knut Grindheim.
Fortun bensinstasjon
vart starta av Nils Veka i 1967. Verksemda driv også reparasjonsverkstad og bergingsbil, og har også riksvegbrøytinga m.a. på Sognefjellet.
|
Ornes Båtbyggeri lagar m.a. vikingskip. (Foto: H.L. Bakke, NRK) |
I bygdene Ornes og Solvorn har det vore eit lite "senter" for båtbygging heilt sidan 1700-talet. I seinare tid har båtbyggjarfaget fått ein renessanse, ikkje minst takka vere Øyvind Hatlevoll.
LMI - Luster Mekaniske Industri på Grandane i Gaupne vart starta i 1981 og produserer rør med ei spesiell coating (belegg) for oljeindustrien. Seinare kom Weest Industri Service AS i Florø og DSND Subsea AS i Grimstad inn som hovudeigarar.
Verksemda starta som pelsberederi, men utvikla seinare produksjon av pelsklær og pelstøfler.
Starta i Gaupne i 1988 av Arle Gandrudbakken frå Bergen. Verksemda har spesialisert seg på trykking av merke på tekstilar og konfeksjon.
i Gaupne vart skipa i 1988 av Kjell Petter Moen.
Sønnesyn Sag
i Marifjøra vart starta i 1989 av Per og Einar Sønnesyn. Spesialiteten er villmarkspanel og utemøblar i grovt tømmer.
PGP Premiehuset Sogn og Fjordane
vart skipa på Hafslo i 1990 av Astrid og Magnar Heggestad. Verksemda trykkjer m.a. stadionreklame, T-skjorter, banner og pins.
Hafslo Servicesenter
på Hesteneset vart starta i 1990 av sambuarpara Jon Terje Moen og Liv Margrethe Eikeberg, og Arne Moen og Hilde Eldegard. Verksemda omfattar daglegvarebutikk og bensin- og servicestasjon.
Josvanger Elektro AS
på Lambhaug vart starta i 1993 av Johannes Josvanger. Verksemda driv innstallasjonsarbeid over heile indre Sogn og har i 2003 15 tilsette og ei årsomsetning i 2002 på vel 9 millionar kroner.
Vindaugefabrikk starta i Luster i 1994 av brørne Robert og Bernhard Veum.
Verksemda er den einaste norske produsenten av operasjonsbord.
Drevdal Bygg AS
Entreprenørforretning starta i Gaupne i 1998 av Sigurd Seilen, Per Alf Eikeset og Toralf Drevdal. Firmaet tok då over lokala til den tidlegare helikopterbasen som
Mørefly hadde drive frå Grandane i Gaupne. I 2003 har verksemda 18 tilsette og ei omsetning på 25 millionar kroner.
Sognefjord Naturkjøken
vart starta i Solvorn i 1998 av Vidar Åsen frå Ålesund. Han var driftsleiar ved
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) sin akvastasjon på Skjer i Sogndal før han starta eiga verksemd, der m.a. fjordkreps og røykt ål, laks og aure er hovudprodukta.
Hafslo Bilsenter AS
- sjå:
Bilverkstad på Kjos.
Bionordic
– sjå
Jostedal Industrier AS.
Digital Etikett
vert starta i Gaupne i 2008 av Kjetil Hovland. Verksemda skal produsere etikettar til næringsmiddelindustrien, og målet er åtte-ti arbeidsplassar. Hovland hadde tidlegare arbeidd i NTP i Gaupne.