SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Luster:

A/S Sogns Iscompagni

Oversikt over isanlegget ved elva i Skjolden.
Oversikt over isanlegget ved elva i Skjolden.
Før moderne fryseteknikkar kom i bruk, måtte matvarer kjølast med naturleg is. Der tilhøva låg til rette for det - med rikeleg is frå ferskvatn like ved fjorden - utvikla det seg særleg frå midten av 1800-talet og utover ein stor produksjon av is.

Publisert 10.06.2002 15:03. Oppdatert 19.11.2003 14:18.
Metoden var å skjære store firkanta isblokker av ferskvassis med spesielle issager og "isplogar". Isblokkene vart lagra i isolerande sagmask i spesielle ishus som vart bygde t.d. ved fiskemottaka og ved turisthotella. Når isen skulle nyttast, vart den lagt som "kjøleelement" i isskap der ein oppbevarte maten.

Norsk is vart også eksportert i store mengder til Kontinentet og England. I toppåret 1898 vart det eksportert 1,5 millionar tonn is frå Noreg til England.

Isblokkene vart skorne ut av isen på vatnet. (Foto: Magne Helge Sleire, NRK)
Einskilde stader, som i fiskerikommunane Solund og Vågsøy på kysten, vart det bygt demningar for å samle mest mogeleg ferskvatn til isproduksjon. Både hjå Rumohr i Frønningen, i Barlindbotn ved Flora, i Hopsvatnet i Hyen, Hornindalsvatnet, Strynevatnet og andre vatn i indre Nordfjord som hadde kort veg til fjorden, vart det skore mykje is.

Isanlegget i Skjolden størst

Det var likevel i Skjolden at isproduksjonen fekk størst omfang. Her er det berre nokre få hundre meter frå Eidsvatnet og ned til kaia ved fjorden.
1893 vart Sogns Iskompagni skipa. Det vart eit av dei største i landet, og var i drift til 1913. Bak selskapet stod forretningsfolk i Bergen. Eit par av dei hadde slektsband til Luster. Hans Hess Pederson Klingenberg (1874-1938) frå Lærdal var disponent. Iskompagniet vart askjeselskap i 1898.

Frå Eidsvatnet vart isblokkene dei første åra frakta ned til kaia på hesteslede og lagra i store sagmaskbingar der.

Ishuset

I 1898 vart det bygt eit stort ishus omlag midt mellom vatnet og fjorden. Dette var ein kjempestor trebygning - 100 meter lang, 30 meter brei og 20 meter høg.
Det meste av sagmasket som skulle nyttast i lagerhuset, vart levert frå Rumohr-godset i Frønningen. Rumohr sin eige isproduksjon i Frønningen vart selt gjennom Sogns Iskompagni.

Isblokkene vart no sende i ei trerenne frå vatnet og ned til ishuset, og ei ny trerenne frakta isen frå lagerhuset til kaia når blokkene skulle skipast ut.
I 1900 bygde Sogns Iskompani den første kraftstasjonen i Luster for å skaffe lys i bygningane sine. Kraftstasjonen var i drift til 1917.

Ishuset i Skjolden hadde enorme dimensjonar. (Foto © Fylkesarkivet)

Tuftene frå ishuset visest rundt den verna bensinstasjonen i Skjolden. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Iseksport

Det meste av isen gjekk til kundar i Bergen, men Iskompaniet hadde også ein stor eksport til England, Danmark og Tyskland. Også dei store, nye turisthotella i Sogn, som t.d. Kviknes Hotell i Balestrand, kjøpte mykje is frå Skjolden.
Dei beste driftsåra hadde Iskompaniet kring hundreårsskiftet, men isproduksjonen varierte sterkt frå år til år, og i 1915 vart A/S Sogns Iskompagni slege konkurs.

Det store ishuset vart selt på auksjon i 1917 og rive kring 1920, men tuftene viser enno ved elva - like ved der den freda bensinstasjonsbygningen ligg.

Is frå Skjolden til Måløy

I 1932 kom Måløy-firmaet Kvalheim & Co./A.O. Osmundsvaag til Skjolden for å skjære is. Fiskemottaket fekk vanlegvis isen frå Nordfjord-vatna, men måtte denne vinteren hente isen i Sogn. Måløy-firmaet brukte motorsag for skjæring av isen, og når skuta til Måløy skulle lastast, var 20-30 mann frå Skjolden med på sjauinga.

Men frakta frå Sogn til Måløy var lang, og i 1937 valde Måløy-firmaet å ta isen frå Hopsvatnet i Hyen i staden. Der bygde Kvalheim & Co/A. O. Osmundsvaag seinare eit ishus, og dreiv isskjæring der heilt fram til kring 1949.

(Foto: Magne Helge Sleire, NRK))

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no