SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Førde:

Handelsstaden Sjøahola

Den første handelsverksemda i Førde gjekk føre seg like ved kyrkja på Skei. Fram til eit stort elvebrot i 1789 gjorde elva Jølstra ein stor sving opp under Skei før den rann ut i Førdefjorden. I denne elvesvingen ligg Sjøahola, og det var i Sjøahola at den første kremmaren slo seg til.

Publisert 05.09.2001 08:50. Oppdatert 15.05.2007 11:00.
Kremmaren i Sjøahola hadde kongebrev på handelen i både Førde og Jølster. Elva var så djup at jektene kunne segle heilt opp til Sjøahola, og her var det både kremmarbu og skjenkestove. Heilt frå 1500-talet er det kjent at det også var tingstove der. Sjøahola var laste- og losseplass for varer frå heile dalføret. Jølstringane nytta i gamal tid vegen over fjellskaret Tynningen mellom Fluge i Jølster til Grimeland i Angedalen når det skulle ned til fjorden. Frå Grimeland kunne dei kome seg ned til Skei utan å krysse Jølstra.

Søkkrike Førde-kremmarar

På slutten av 1600-talet var det den mektige Hans Andersson Findmand (sjå denne under Kjende personar i Førde fødde før år 1700) som huserte i Sjøahola. Findmand plasserte seg sjølv og resten av familien på ei stor minnetavle – epitafium - som framleis heng i Førde-kyrkja. Etter han fylgde Hans Jørgen Bundt som gjestgjevar, medan Bernt Dominicussen Nagel rådde over handelsprivilegia. Dei to låg i stadig strid med kvarandre om kven som hadde retten til kva. Kremmarane i Sjøahola hadde også store eigedomar på Atløy og dreiv fiske på sunnfjordkysten. Like ved handelsstaden grodde det opp eit strandsitjarmiljø, og under embetsgardane kring kyrkja på Skei låg det eit stort tal husmannsplassar – frå Hornnes i vest til Slåttene i aust.

Over og ut for Sjøhola

Gjestgiveriet i Sjøahola vart avvikla i 1857, og siste handelsmannen der la ned kring 1870. No var det Hafstad og dampskipskaia på sørsida av Jølstra som hadde teke over som sentrum i bygda.
Tingstova i Sjøahola vart ofte brukt som møtelokale for fylkestinget på midten av 1800-talet. Det var i denne tingstova at fylkestinget (amtstinget) den 28. november 1857 vedtok å skipe Fylkesbaatane – eller som det heitte: Nordre Bergenhuus Amts Baade.

Sjå også: Tingstova i Sjøahola.


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no