(ca. 1470 - d. etter 1542). Mest truleg frå Danmark, busett i Førde. Fut, handelsmann og jordeigar.
Anders på Vie
er i 1522 registrert som ein av dei største jordeigarane i Sunnfjord. I tillegg til store jordvidder i Førde, åtte han og store gardar i Angedalen , Mo og Jølster.
d. 1628, frå Angedalen, bondeførar.
(1610-1691). Sokneprest i Førde, og prost frå 1659. Ein av dei rikaste menn i Sunnfjord.
Odjer (Oddgeir) Gundersen Tefre
frå Førde. Vart i 1648 dømd til døden for å ha drepe svigerfaren. Han rømde, og levde sidan som fredlaus.
|
Hans Anderson Findmand. |
Hans Andersson Findmand
d. 1689. Handelsmann og gjestgjevar i det gamle kremmarleiet Sjøahola i Førde. Nemnd i Førde frå 1672. Findmand er avbilda på eit stort epitafium i
Førde kyrkje, saman med både då levande og avdøde koner og born.
Marcus (Markvard) Larsson Gram
(ca. 1664–1720). Gjestgjevar og målar. Han hadde gått i målarlære hjå Caspar ”Skildrer” i Bergen før han kom til Førde og slo seg til som krovert i Sjøahola. Gram er meister for målarstykket Himmelfarten som heng i Førde kyrkje og som han måla i 1686.