Hopp til innhold

Jobbar for ein annan flyplass

Både Stryn og Hornindal har engasjert seg for å vidareutvikle flyplassen Ørsta-Volda. Leiaren i Gloppen næringsorganisasjon meiner det er illojalt.

Ørsta-Volda lufthamn og Sandane lufthamn

ENGASJERT: Ordførarane i Stryn og Hornindal støttar opp om arbeidet som næringslaga i kommunane gjer for å vidareutvikle flytilbodet på Ørsta-Volda. Det likar næringsorganisasjonen i Gloppen svært dårleg.

Foto: Montasje/Ottar Starheim / NRK

Når Kvivsvegen opnar 22. september vil det korte ned reisetida mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre monaleg. I går høyrde vi at mange nordfjordingar truleg vil velje å ta fly frå Ørsta-Volda, i staden for Sandane lufthamn Anda når vegen opnar.

Næringslaga i Stryn og Hornindal har også vore med i eit forum som jobbar for å vidareutvikle flyplassen Ørsta-Volda, med støtte frå ordførarane i dei to Nordfjord-kommunane.

Magne Larsen som er leiar i Gloppen næringsorganisasjon har vanskeleg for å forstå dette og reagerer sterkt.

– Eg er veldig skuffa. Vi har jobba hardt for å halde liv i Anda, seier Larsen og vedgår at han føler at dette er illojalt av Stryn og Hornindal.

Dramatisk kortare reisetid

Det er no knappe tre veker til Kvivsvegen mellom Kalvatn i Volda og Grodås i Hornindal blir opna. Veg- og tunnelprosjektet vil føre til dramatisk kortare reisetid mellom indre Nordfjord og Søre Sunnmøre.

Den nye vegen vil også bety noko for kor folk i området vel å ta fly frå. Avinor sin ansvarlege ved flyplassen Ørsta-Volda, Kjetil Åren, sa at dei venta at mellom 15.000 og 20.000 nordfjordingar som før har nytta seg av Anda lufthamn etter vegopninga vil reise dit.

– Vi ser ei moglegheit

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

FULL STØTTE: Ordførar Anne-Britt Øen-Nygård i Hornindal seier ho støttar arbeidet næringslaga gjer fullt ut.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Sven Flo, ordførar i Stryn

FORSTÅR IKKJE: Ordførar i Stryn, Sven Flo, meiner det er naturleg at dei jobbar for vekst.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I samband med vegopninga har næringslaga i Stryn og Hornindal blitt med i eige forum som jobbar med forbetring av flytilbodet frå flyplassen Ørsta-Volda.

Ordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen-Nygård stiller seg fullt og heilt bak dette.

– Vi ser no at det blir ei moglegheit til å kome seg til ein flyplass som er nærare, og då vil vi nytte oss av den, seier ho til NRK.no.

Svært overraska

Magne Larsen i Gloppen næringsorganisasjon er spesielt skuffa over at Stryn engasjerer seg for flyplassen lenger nord i staden for flytilbodet ved Anda.

– Skal vi styrke Nordfjord som region så må vi ta tak i dei fyrtårna vi har her. Når Stryn vel å gå andre vegen, så blei eg overraska, rett og slett, seier Larsen oppgitt.

Også den tidlegare KrF-kjempa og statssekretæren i samferdselsdepartementet, Svein Ottar Sandal frå Gloppen, meiner det ville vore meir naturleg at Stryn og Hornindal jobbar for Anda.

– Det er jo flyplassen for Nordfjord. Vi er ikkje fleire folk i Nordfjord enn at vi bør samle oss om dei tilboda vi har, seier Sandal.

Forstår ikkje kritikken

Sven Flo som er ordførar i Stryn har ingen forståing for kritikken frå Larsen og Sandal.

– Det å vere positiv til ei utvikling i ein større region, slik at vi er slagkraftige og i stand til å vekse. Det kan då umogleg vere negativt.

– Eg må seie eg er veldig overraska over reaksjonen, seier Flo.