Hopp til innhold

Blir i Sogndal enn så lenge

Sogndal-keeper Kenneth Udjus takka sist veke nei til tilbod om å forlate sognelaget til fordel for Rosenborg.

Kenneth Udjus

TAKKA NEI: Sogndal-keeper Kenneth Udjus takka nei til Rosenborg, og blir enn så lenge i Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dermed held han seg i Sogndal enn så lenge. Det skriv Sogn Avis.

– Vil fullføre i Sogndal

– Magekjensla mi sa at det ikkje var riktig å gå til Rosenborg no. Dei ville ha meg som ein av to like gode målvakter, men det ønskte eg ikkje, seier han til avisa.

– Dessutan hadde eg ikkje lyst til å reise frå Sogndal midt i sesongen. Eg vil fullføre her og bidra til at vi held oss i eliteserien, seier Udjus.

Truleg tapt uansett

Udjus er truleg tapt for Sogndal etter sesongen uansett, skriv avisa. Kontrakta hans går ut og fleire eliteserieklubbar har allereie vist interesse.

– Eg har ikkje teke ei endeleg avgjerd, men etter sesongen kan det vere tidspunktet for meg å prøve noko nytt. Eg har lyst til å utvikle meg vidare, seier han.

Sogndal er allereie i gang med å leite etter ein erstattar for førstekeeperen.

– Vi er i gang med å sondere terrenget, utan at vi har landa på konkrete kandidatar førebels, seier assistenttrenar og spelarutviklar, Håvard Flo til avisa.