Hopp til innhold

Fødande i Nordfjord får nytt tilbod

Fødande i Nordfjord skal få eit tilbod om barseltid på Nordfjord sjukehus, sjølv om dei har født anten i Førde eller Volda.

Tom Guldhav

GODT NØGD: Tom Guldhav meiner at fødande kvinner i Nordfjord no får eit svært godt tilbod.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Dette var ein av hovudkonklusjonane som kom fram då direktør for kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav, presenterte kva som vert det framtidige fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

Helse Førde kalla eininga som no skal opprettast for God Start, og vil inkludere eit tilbod til samtlege fødande i Nordfjord-regionen.

Jordmor heile døgnet

Det skal vere jordmor på vakt på sjukehuset på Eid 24 timar i døgnet, og det skal og vere ei operativ følgjeteneste for fødande som då må føde anten i Førde eller i Volda.

– Dersom det hadde blitt ei jordmorstyrt fødestove ville det vore eit tilbod til nokre få fødande. No skapar vi eit tilbod til alle gravide i Nordfjord, seier Guldhav til NRK.

Dei fødande skal kunne vere på sitt næraste sjukehus på Eid dagane etter fødsel, men dei skal og kunne vere der før fødselen - dersom dei til dømes er førstegongsfødande, eller på andre måtar er usikre på det som skal skje.

Følgjeteneste for alle

– Det skal kome ei eining som ser drive av jordmødrene, som skal sørge for at vi får ei døgnkontinuerleg følgjeteneste og moglegheit for å ligge inne i barsel og eit poliklinisk tilbod som gjeld både før og etter fødse, fortel Guldhav.

For å gjennomføre dette føreset det eit tett samarbeid med kommunane i Nordfjord.

– Dersom vi får dei med på laget blir dette eit bra tilbod, meiner Guldhav.

(Artikkelen held fram under biletet)

Linda Grotle Hauge

POSITIV: Overjordmor Linda Grotle Hauge ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Trur på kommune-ja

Ordførarane i Nordfjord er no orientert om kva Helse Førde ønskjer, og dei vil no ta med seg forslaget ut til sine kommunar for å vurdere dette nærare.

– Gjennomgangstonen blant politikarane til dette er no veldig positiv, meiner Guldhav.

Det nye tilbodet ved Nordfjord sjukehus føreset mellom anna og at kommunane er viljuge til å kjøpe jordmortenester frå Helse Førde, og at både kommune-jordmødre og dei som er tilsett på sjukehuset er med å gjennomfører prosjektet.

Får brukt utdanninga

Helse Førde har også hatt ein gjennomgang på tilbodet for fødande i Indre Sogn etter striden kring fødestova i Lærdal. Resultatet av dette vil dei leggje fram i morgon.

Linda Grotle Hauge, som er overjordmor ved det som framleis er fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus, er slett ikkje negativ til det som no er lagt fram for Eid sin del.

– Vi tykkjer at modellen inneheld så mange moment at ein faktisk får brukt heile utdanninga som jordmor. Særleg positivt er at kvinnene får høve til å ha barseltida si på Eid, seier Hauge til NRK.