Hopp til innhold

Følg Sogndal direkte frå klokka 18

For 14. gong spelar Sogndal på Lerkendal - på ein stadion dei aldri har teke poeng.

Kenneth Udjus

SLEPPTE IKKJE INN MÅL: Keeper Kenneth Udjus har halde buret reint dei to første seriekampane. Klarer han det i dag også?

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Er dette dagen då vi skriv eit nytt kapittel? Vi har alt å vinne, seier keeper Kenneth Udjus til Sogndal Fotball.

2. påskedag er det klart for tredje runde i eliteserien. Sogndal toppar tabellen og skal møte Rosenborg som ligg på andreplass. Du kan få live oppdatering på nettsida til NRK.no frå kampstart klokka 18.

Fleire skadde

Sogndal har framleis fleire spelarar ute med skade. Søndag fortalde assistenttrenar Håvard Flo at Jasmin Mecinovic står over denne kampen.

– Jasmin trakka over sist kamp, så vi har bestemt oss for å spare han til kampen mot Haugesund, seier Flo til NRK.no.

Per Egil Flo står også over kampen på Lerkendal. Han er tidlegast klar til kampen neste helg. Thomas Eriksen Ness, Espen Næss Lund og Eivind Daniel Røed er ute i lengre tid.

– Eirik Bakke har slite med ein kranglete fot, men er med i troppen. Ørjan Hopen har ein sår akilles, men er rapportert klar til kamp, seier han.

Desse 11 startar

Trenar Jonas Olsson har teke ut desse spelarane frå start:

Kenneth Udjus – Eirik Skaasheim, Gustav Valsvik, Hannu Patronen, Taijo Teniste – Tonny Brochmann, Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen – Malick Mane, Ulrik Flo.

På benken sit Leif Lysne, Eirik Bakke, Tore André Flo, Elvis, Ruben Holsæter og Stian Dyngeland.