Hopp til innhold

Sogndal vil ikkje kommentere Hovland-bod frå russisk klubb

Sogndal Fotball vil verken stadfeste eller avkrefte at dei har fått eit bod på Even Hovland frå ein russisk storklubb.

Kaptein Even Hovland har vært en viktig brikke i Sogndal-forsvaret

SNART FERDIG I SOGNDAL-TRØYA: Kaptein Even Hovland har vore ei viktig brikke i Sogndal-forsvaret. No er han på veg vekk.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Sportsleg leiar Trond Fylling seier til TV2 at han ikkje vil kommentere om det har vore kontakt mellom Sogndal og russiske Anzji Makhatsjkala,

– Det er mange følarar rundt Even og det er vanskeleg for oss om ting kjem ut i media før noko er konkret, seier Fylling han til nettavisa.

Heller ikkje dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, vil ovanfor NRK.no seie noko om eit eventuelt bod.

Pengesterk klubb

Den styrtrike klubben FC Anzhi frå Dagestan skal ha kasta seg inn kampen om Sogndal-stopparen. Blir han seld til klubben, blir han lagkamerat med Samuel Eto'o og Roberto Carlos.

I går sa Even Hovland at han ikkje hadde høyrt noko konkret om at det skulle ha kome eit bod. Men fleire andre kjelder stadfesta at den svært pengesterke klubben frå Nord-Kaukasus har kasta augene sine på midstopparen frå Vadheim. Dei skal ha signalisert ei løn og ein overgangssum ingen av dei andre interesserte klubbane er i nærleiken av å matche.

– Neppe Sogndalspelar 11. januar

Fylling trur det nærmar seg ei avgjerd om kvar Hovland skal spele den første veka i januar.

– Eg tvilar på at Even er Sogndalspelar når han skal på landslagssamling 11. januar.