Hopp til innhold

Sterk orkan- men kraftigare i 1992

Vindkasta ved Kråkenes fyr har på det meste vore på 53 meter per sekund, langt over orkan. Men vinden var endå sterkare i 1992.

Uvêret sette sitt preg på sjøen ved Granesundet ved Askvoll i natt
Foto: Steinar Bauge

Dette er noko av konklusjonane frå Meterologisk Institutt i Bergen etter det siste uværsdøgnet.

Bygningar og tre har blåst ned, område på land har vore oversvøymde, vegar er strengde og straum- og mobilnett har brote saman. Dette er nokon av dei dramatiske verknadene av "Dagmar".

Kraftigare for 20 år sidan

Men dei som har hevda at "Dagmar" har vore sterkare enn nyttårsorkanen i 1992 tek feil.

-Alle målingane våre viser at orkanen i 1992 var kraftigare enn orkanen i år. Det var ingen målingar på Kråkenes Fyr i 1992, men til dømes på Svinøy var vinden strekare i 1992 enn i år, seier Dag Kvamme ved værsvarslinga i Bergen.

Kraftigast på Svinøy Fyr

I 1992 vart det målt 62 meter per sekund på Svinøy, medan det vart målt 51 meter per sekund i år. Også på Vigra på Sunnmøre, på Sandane og på Sogndal Lufthamn Haukåsen vart det målt sterkare vind i 1992. På Sandane Lufthamn Anda vart vinden i 1992 målt til 51 meter per sekund, mot 43 meter per sekund i år.

-Beregningar viser at skadepotensialet var nesten dobbelt så stort i 1992 som i år, seier Kvamme.

Lokale variasjonar

-Korleis forklarer du dette, for skadene etter årets orkan er store?

-Det er store lokale skilnadner, og på enkelte stader kan det vere at årets orkan var sterkare enn i 1992. Men samla sett var vinden ein god del kraftigare i 1992. I indre fjordstrok er variasjonane ekstra store. Dette fordi vinden på enkelte stader går ned fjellsidene og slår til for fullt, seier Kvamme.