Hopp til innhold

- Nedlagde på feil grunnlag

Statens helsetilsyn sa at dei forsterka fødestovene var for risikable for dei fødande. Nye opplysingar sår tvil om faktagrunnlaget.

Tomt føderom Lærdal sjukehus

NEDLAGT: Tomt føderom på Lærdal sjukehus.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tidlegare i år vart fødeinstitusjonane i Odda, Lærdal og Gravdal i Lofoten lagde ned, mellom anna basert på råd frå Statens helsetilsyn.

Direktøren i tilsynet sa at forsterka fødestover er sårbare for dødfødslar, medan ordinære fødestover ikkje er det. No viser tal frå direktøren sin eigen etat det motsette.

LES OGSÅ: Ofrer fødetilbud ved lokalsykehus

LES OGSÅ: Lærdal: Stengt. Lofoten: 107 fødslar

– Bortimot ein skandale

Forkjemparen for tre nedlagde forsterka fødestover, Bente Øien Hauge, er opprørd over eit tungtvegande fagråd som direktøren i Statens helsetilsyn gav regjeringa for eitt år sidan.

– Eg synest dette må vere bortimot ein skandale.

Lars E. Hanssen

MOTSETT KONKLUSJON: Direktør Lars E. Hanssen.

Foto: Werner Juvik / Werner Juvik

Direktør Lars E. Hanssen sa for eitt år sidan at forsterka fødestover, som har lege på vakt, er sårbare for dødfødslar, men at ordinære fødestover, utan lege på vakt, ikkje er det. Denne konklusjonen var medverkande til at helseministeren la ned tre forsterka fødestover 1. april i år.

Ikkje ryggdekning

I førre veke blei det kjent at ei gransking som Hanssen sa at han baserte fødselsrådet sitt på, ikkje gav direktøren fagleg ryggdekning. NRK har fått innsyn i bakgrunnsmaterialet for granskinga som omfattar dødfødslar og alvorlege fødselsskader i perioden 2006 til 2008.

Det viser at forsterka fødestover har færre alvorlege fødselsskader sett i forhold til fødselstalet enn ordinære fødestover. Altså stikk i strid med direktøren i Statens helsetilsyn sin konklusjon for eitt år sidan.

LES OGSÅ: Mindre trygt å føde ved små avdelinger

– Oppsiktsvekkjande

– Dette er oppsiktsvekkjande opplysningar, seier Bente Øien Hauge, koordinator i Folkerørsla for lokalsjukehusa.

– Når vi ser at det her har føregått manipulasjon så er det uråd å ha tillit til Hanssen i denne saka.

Talmaterialet frå Hanssens eigen etat viser at det var éin alvorleg fødselsskade eller dødfødsel ved dei tre forsterka fødestovene i perioden 2006 til 2008. Ved dei ordinære fødestovene var det fire.

LES OGSÅ: Vil ha omkamp om sjukehus

– Må vurdere stillinga si

Talmaterialet er spinkelt, men skal ein fyrst legge det til grunn, slik direktør Lars E. Hanssen gjorde for eitt år sidan, så er konklusjonen den motsette av den direktøren trekte. Det må få konsekvensar, seier lokalsjukehusforkjempar i Odda, Nils Johan Ystenes.

– Når han er så tydeleg på at desse tala er nok til å legge ned fødetilbod rundt om i landet så meiner eg at tilliten ikkje er på plass, og han burde vurdere stillinga si.

Alvorlege fødselsskader/dødfødslar 2006 - 2008

 

Fødselsskader/dødfødslar

Fødslar totalt

Skade/dødfødsel %

Fødestover 

                       4

1378

0,29

Forsterka fødestover

                       1

890

0,11

Kjelder: Statens helsetilsyn, Medisinsk fødselsregister og St.meld. nr. 12 (2008-2009) ”En gledelig begivenhet”

Direktør i Statens helsetilsyn, Lars E. Hanssen, er gjort kjend med kritikken, men han har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Nedlegginga av dei tre forsterka fødestovene i Lærdal, Odda og Lofoten var basert på det helseministeren karakteriserte som eintydig faglege råd frå Helsedirektoratet, Den norske jordmorforening og Norsk gynekologisk forening, forutan Statens helsetilsyn.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Bente Øien Hauge

OPPRØRD: Bente Øien Hauge.

Foto: Jens Hauge

– Må stanse prosessen

Når det no er blitt sådd tvil rundt rådet frå helsetilsynet, må helseministeren gripe inn, seier Bente Øien Hauge.

– Regjeringa gjorde eit vedtak 1. april som var fatta på feil grunnlag. Dei må straks stanse prosessen som er i gang, og så må dei granske grunnlaget for avgjerda dei tok.

Lars E. Hanssen vedgjekk i førre veke at det ikkje er statistisk grunnlag i granskinga for for å seia at forsterka fødestover er sårbare, men han stod fast på utsegna og grunngav det med såkalla risikofaktorar ved dei forsterka fødestovene.