Hopp til innhold

Siri Nordeide Grønli blei den store helten i årets cupfinale

Stabæk blei noregsmeistrar då dei vann cupfinalen mot Røa laurdag kveld. Den store helten blei Siri Nordeide Grønli frå Høyanger som avgjorde det heile.

Video Grønli avgjorde for Stabæk

SJÅ VIDEO: Siri Nordeide Grønli avgjorde for Stabæk i cupfinalen mot Røa laurdag.

– Det var ei fantastisk oppleving og kjensla av å skåra var heilt enorm. I kveld blir det fest, seier ein glad matchvinnar.

Det blei ein spennande kamp der Røa leia fortent 1–0ved pause. Stabæk hadde få målsjansar i første omgang, med Røa hadde fleire moglegheiter til å auke leiinga.

Men i 2. omgang utlikna Stabæk på overtid. Dermed var stillinga 1–1 og det var klart for ekstraomgangar. I andre ekstraomgang blei 2–2 og det måtte straffesparkkonkurranse til for å avgjere cupfinalen for kvinner. Etter fem skot frå kvart lag var stillinga 4–4.

Var nervøs

I det sjette straffesparket til Røa bomma dei, og dermed opna det seg ein moglegheit for Stabæk.

Siri Nordeide Grønli frå Høyanger sette ballen sikkert i mål, og dermed er Stabæk cupmeistrar for aller første gong.

– Det var så deilig at det kan nesten ikkje beskrivast. Det var jublande menneske og stor glede, seier ho rett etter kampen.

– Var det mykje nervar før du skulle ta straffesparket?

– Det er klart eg var smånervøs. Men før straffen sa keeper Ingrid Hjelmseth til meg: «Elskar deg uansett». Då tenkte eg at det kom til å gå vegen.

(Artikkelen held fram under bilete)

Stabæk

JUBEL: Siri Nordeide Grønli blei rent ned av laget etter at sigeren var eit faktum.

Foto: Lise Åserud / Scnapix

Thorsnes skuffa

Elise Thorsnes

SKUFFA: Elise Thorsnes og Røa må nøye seg med sølv i NM-finalen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Over 7600 tilskodarar hadde teke turen til Fornebu for å sjå oppgjeret på Telenor Arena.

Også motstandar Røa hadde ei kvinne frå Sogn og Fjordane på laget. Elise Thorsnes frå Leikanger var involvert i 2-1-målet til Røa i den andre ekstraomgangen. Ho fekk eit kjempeløp og skaut ballen mot mål.

Keeper Ingrid Hjelmset redda, men ballen slo tilbake i ansiktet til midtstoppar Toril Akerhaugen på Stabæk. Ho klarte ikkje å få den unna før den rulla over målstreken.

Thorsnes sette straffesparket sitt sikkert i mål. Etter kampen er ho skuffa skuffa over at det ikkje gjekk vegen for laget sitt.

– Det er sjølvsagt skuffande å ikkje vinne, men har eg to gullmedaljar frå før. Det er greitt med ein sølvmedalje også, trøystar ho seg med og legg til at det nok blir gravøl i kveld.