Hopp til innhold

Lensmannen er uroa over utviklinga og meiner foreldre ikkje har kontroll

Stadig fleire unge vert tekne for å røyke hasj i Førde. Lensmannen er uroa og meiner foreldre ikkje har kontroll på ungdomane.

Lensmann Jan Egil Tvinde

UROA: Lensmann Jan Egil Tvinde meiner mange foreldre ikkje har kontroll på ungdomane sine.

Foto: Nyhetsspiller

Så langt i 2011 har politiet i Førde oppretta fleire saker på hasjbruk blant unge enn i heile 2010. Om dette skuldast at det faktisk er fleire som brukar stoffet, kan ikkje lensmann Jan Egil Tvinde seier for sikkert.

Han seier til avisa Firda at politiet har hatt ei auka satsing mot unge siste tida.

– Hybelmiljøa er eit problem

Samtidig er lensmannen uroa over utviklinga. Mellom anna er mange unge som bur på hybel i byen eit av hovudproblema. Ungdom heilt ned i 16-års alderen kjem for å bu på hybel i Førde og Tvinde meiner mange foreldre ikkje har kontroll.

– Foreldre må byr seg om dei unge og miljøet deira, det er mi oppmoding, seier Tvinde til Firda.

Fleire av dei som er tekne for hasjbruk har inngått såkalla ungdomskontraktar med politiet.

Måtte stengje ungdomsklubb

At hasjbruk er eit problem har også blitt tydeleg for kommunen. Tidlegare i haust måtte dei stengje ungdomsklubben 1st Floor i Røde Kors bygget, nettopp som følgje av hasjbruk.

Folkehelsekoordinator i Førde, Doris Rutledal vedgår at kommunen ikkje har eit godt nok tilbod til unge under 18 år. I løpet av neste år håpar kommunen å få på plass ein ungdomsarbeidar.

Denne kan vere behjelpeleg med å få opna opp at ungdomsklubben, sjølv om kommunen aller helst vil at ungdomane sjølv skal stå for drifta.

– Vi må ha anna å tilby enn berre idrett og kultur til dei unge, seier Rutledal til avisa.