Hopp til innhold

- Eg åt 12 skiver i nedoverbakke. Det er då ein har pust til det

- Det er ein heilt sinnsjuk prestasjon! Det seier arrangøren om vinnarløpet på det som vert rekna som det tøffaste fjelløpet i Norge.

Ove Hovdenak

ÅT I NEDOVERBAKKANE: Ove Hovdenak nytta tida godt. Mat og drikke fekk han i seg i nedoverbakkane.

Foto: Hornindal Rundt

75 kilometer opp og ned i fjella rundt Hornindal, med ei total stigning på 5600 høgdemeter. Det er bakteppet for Hornindal Rundt, eit løp som vert karakterisert som det desidert tøffaste fjelløpet som finst i Norge i dag.

Ola Hovdenak (38) frå Molde åt 12 grovskiver medan han sprang. For målet var å setje ny rekord, noko han klarte med glans. Han knuste rekorden frå i fjor med ein halv time, og sprang i mål med tida 10:10:52.

- Det er ei heilt sinnsjuk tid. Det vil seie at han heldt eit snitt på vel åtte kilometer i timen, seier mediekontakt Svein Otto Espe hos arrangøren.

Marit Årthun frå Matre IL vart beste kvinne med tida 14:05:25.

Nokre brukte over eit døgn

Hornindal Rundt vart arrangert for andre gong denne helga. Fjelløpet på sju og ei halv mil går i fjella rundt Hornindal, og løparane må innom 20 postar undervegs.

Løpet startar laurdag morgon og nokon er ikkje i mål før søndag. Dei som kom sist i mål i år hadde vore ute i skogane i meir enn eitt døgn.

Men mannen som var raskast av alle kom i mål langt tidlegare og imponerte både seg sjølv og arrangøren.

- Eg har aldri sprunge så langt før, men eg følte det gjekk veldig bra, seier Hovdenak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre Matihas Kullsveen, Ola Hovdenak og Rasmus Gausemel

BEST: Dette er dei tre på pallen på herresida. Frå venstre Matihas Kullsveen, Ola Hovdenak og Rasmus Gausemel.

Foto: Martin Hauge-Nilsen/Kondis

- Eit bra arrangement

38-åringen frå Skåla utanfor Molde vedgår at han vart med på løpet fordi han meinte det var ein god moglegheit for å teste kva grenser han har på barmark.

Han har vorte rekna som Norges einaste profesjonelle toppturgåar og er full av lovord om det tøffe fjelløpet i Hornindal i Sogn og Fjordane.

- Arrangørane er flinke. Det er mykje folk ute langs løypa og det er mange flotte stiar å følgje, seier Hovdenak.

Åt brødskiver i nedoverbakkane

Men det er utan tvil han sjølv som har stått for den største prestasjonen denne helga. For runden rundt dei mange fjelltoppane vart relativt fort unnagjort for atleten.

- Vi har lokale løparar som er godt trena som klarte dette på godt over 14 timar. At Hovdenak klarte det på fire timar mindre, det er rett og slett smått utruleg, seier Espe imponert.

Og at det er tøft er noko også Hovdenak sjølv kan vedgå. Det er ingen tid å miste så alt må gå på skinner.

- Eg åt ein del skiver undervegs. Det gjorde eg i nedoverbakkane, det er då eg har pust til det. For mat og drikke undervegs er viktig, fortel vinnaren av årets løp.

Om han kjem att til neste år veit han ikkje endå, men arrangøren er klar på ein ting – løpet skal bli ein tradisjon.

- Vi har allereie starta planlegginga, så løp, det blir det, seier Espe.

Ola Hovdenak og Marit Årthun

VANN: Ola Hovdenak og Marit Årthun var strålande glade etter å ha vunne Hornindal Rundt.

Foto: Martin Hauge-Nilsen/Kondis