Hopp til innhold

– Kastrering av valdtektsforbrytarar er i tråd med Frp sin politikk

Frp-leiaren i Sogn og Fjordane har fått krass etter at han skreiv at valdtektsmenn bør krastrerast på Twitter. Men kastrering er i tråd med Frp sin politikk, seier nestleiar Per Arne Olsen.

Per Arne Olsen, Frp / åstad frå mogleg russevaldtekt i Førde

BØR KASTRERAST: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, skreiv på Twitter at valdtektsmenn bør kastrerast. Utspelet kom etter ei mogleg valdtektt på ein russefest på Festplassen i Førde. Det er heilt i tråd med Frp sin politikk, meiner nestleiar Per Arne Olsen.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, tok i går til orde for å kastrere valdtektsmenn.

I ei melding på Twitter skreiv han at slike folk bør kastrerast. Meldinga kom berre timar etter at ein mann vart sikta for å ha valdteke ei jente på ein russefest i Førde. Men utspelet til fylkesleiaren er heilt i tråd partiet sin politikk.

Utspelet får kraftig motbør

Nestleiar i Frp, Per Arne Olsen, seier til NRK.no at han rosar utspelet til Djuvik. Han meiner valdtektsmenn bør kastrerast.

– Djuvik er heilt på linje med Framstegspartiet sin politikk, seier Olsen.

Utspelet har fått kraftig motbør. SV-politikar og fylkestingsrepresentant Norvall Nøringset er ein av dei som reagerer. Han meiner utspelet er useriøst og flåsete.

Slike folk skulle vært kastrert. Sjølv om du ikkje klarar få deg dame, så er nei fortsatt eit nei.

Twitter-melding frå Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp

I meldinga låg det også ei lenke til ei nettsak som omhandla den moglege valdtekta i Førde.

Frp har gjentekne gonger tatt til orde for kastrering av valdtektsforbrytarar. Dei har mellom anna meint at lommemannen burde kastrerast.

– Når dom er avsagt, må lommemannen bli kjemisk kastrert, sa justispolitikar Hans Frode Asmyhr (Frp) til Dagsavisen i 2009.

NETT-TV: Frp vil kastrere valdtektsmenn

Video Frp vil kastrere valdtektsmenn

NETT-TV: Framstegspartiet vil få så langt å kastrere menn som blir dømde for valdtekt.

– Vi tek til orde for offeret

Natt til onsdag vart ein 20 år gamal russ pågripen og sikta for valdtekt av ei 17 år gamal jente på Festplassen i Førde. Staden er mykje brukt til festing i russetida, og det var også fest der natt til onsdag.

Den sikta 20-åringen nektar straffskuld. Han er framleis sikta, men han vart lauslaten seint i går ettermiddag.

– Vi er heldigvis eit parti som tek til orde for offeret, og som ønskjer kjemisk kastrering i dei tilfeller der det er snakk om gorve overgrep og der det er fare for gjentaking, seier Olsen.

Olsen meiner på ei anna side at Djuvik ikkje burde ha lenka til den aktuelle hendinga. Men kastrering av valdtektsmenn er noko Frp ønskjer. Frank Willy Djuvik seier til NRK.no han ikkje sikta til hendinga i Førde.