Hopp til innhold

Russ pågripen og sikta for valdtekt

Mannen som er skulda for valdtekt av ei jente er russ og er no sikta i saka. Det opplyser politiet på ein pressekonferanse.

Video Mogleg russevaldtekt i Førde

NETT-TV: Politiet etterforskar mogleg valdtekt på russefest på Festplassen i Førde.

Politiet fekk natt til onsdag melding om ei mogleg valdtekt som skal ha skjedd på Festplassen i Førde. Politiet etterforskar saka som ei valdtektssak etter straffelova § 192.

Melde seg for politiet

– Jenta er teken med til sjukehuset i Førde for undersøking av lege og sikring av spor. Vi vil seinare forsøkje å avhøyre ho om det som skal ha skjedd, seier lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Gjerningsmannen er kjent for politiet. Politiet opplyser at mannen sjølv tok kontakt med ein politipatrulje i dag tidlig.

– Han er pågripen og er sikta for valdtekt. Denne saka er alvorleg dersom dette faktisk har skjedd. Jenta har sagt at ho er utsett for noko som kan ha vore ei valdtekt, seier Tvinde.

Sikta vil bli framstilt for lege for sikring av moglege spor og deretter avhøyrd om kva som skal ha skjedd. Det vil ikkje bli teke stilling til spørsmål om ei eventuell varetektsfengsling før tidlegast etter klokka 15 i dag.

Sikta er russ

På pressekonferansen opplyste politiet at den sikta mannen er russ. Fornærma er ikkje russ, men begge to var på same festen på Festplassen i natt.

Begge dei involverte er elevar ved vidaregåande skular i Sunnfjord.

Av hensynet til den videre etterforskninga vil ikkje politiet gje fleire detaljar i saka.

Politiet er godt i gang med vitneavhøyr, og dei meiner dei har god kontroll på saka.

NETT-TV: Politiet om mogleg russevaldtekt

Video Lensmann Jan Egil Tvinde om mogleg valdtekt på russefest

NETT-TV: Dette sa lensmann Jan Egil Tvinde ved 9-tida onsdag.

– Russegutane må ta vare på jentene

Det har vore fleire forsøk på valdtekter blant russen i år. I helga vart russefeiringa prega av ei valdtektssak på Tryvann i Oslo. I den saka vart tre gutar pågripne og sikta for valdtekt av ei jente.

– Russegutane må ta vare på jentene i russetida. Det er grunn til å tru at ein del jenter vil bli utsette for overgrep i russetida, sa Anne Kristin Rohde, leiar for vold- og sedelighetsseksjonen i Oslo, for nokre dagar sidan.