Hopp til innhold

Båt kantra i Naustdal - to personar henta opp av sjøen

To personar hamna i sjøen ved Sæla i Naustdal då ein båt kantra litt etter klokka elleve. Høg promille er årsaka.

Redningsaksjon etter båtvelt

BÅTVELT: Her blir båten slept til land.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brannvesen, politi og to ambulansar vart sende til staden. Ifølgje Alarmsentralen Sogn og Fjordane hamna to menn i sjøen. Dei to har utanlandsk opprinnelse, og er 60 og 38 år gamal.

– Begge personane er henta på land av brannvesenet. Dei er no tekne hand om av helsepersonell, seier vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen.

Fekk redningsbåt på sjøen

Både brannvesenet i i Førde og Naustdal vart sende til staden, og fekk sett ein redningsbåt på sjøen. Meldinga kom inn klokka 11.07. Det var personar på land som hadde sett det som skjedde.

Operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier Hovudredningssentralen (HRS) vart varsla, men at det ikkje vart sendt redningshelikopter fordi brannvesenet fekk båt på sjøen.

– Vi varsla HRS rutinemessig. Dei to personane som vart henta på land er utanlandske statsborgarar, seier Harlem til NRK.no.

Hadde høg promille

Politiet opplysar at dei to hadde høg promille. Kor mykje er uvisst, men truleg langt over promillegrensa som er 0,8.

Politiet vil seinare ta stilling til om dei livsglade båtturistane må betale for heile redningsaksjonen.

Ein er lettare skada

NRK.no får opplyst at 38-åringen er lettere skada, og er lagt inn til observasjon på Førde Sentralsjukehus over natta. 60-åringen skal vere uskadd.

Politiet seier dei to personane vart henta på land etter rundt 15 minutt.

– Brannvesenet har vore raske, men 15 minutt i den kalde sjøen er lenge, seier Harlem.

Frode Korneliussen ved Alarmsentralen seier dei to personane hadde redningsvest på seg. Båten skal ha kantra om lag 20 meter frå land.

Ifølgje NRK.no sin reporter på staden er begge personane sende til sjukehus med ambulanse.

Video To menn havna i fjorden ved Naustdal

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.