Hopp til innhold

Senterpartiet mistar medlemmer

Senterpartiet har på fire år mista 250 medlemmer i Sogn og Fjordane. Det stadfester fylkessekretær Per Rune Vereide.

Per Rune Vereide

HAR SNUDD SEG: Per Rune Vereide kan gle seg over at trenden har snudd siste året.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bergens Tidende skriv i dag at Sp har mista kvart femte betalande medlem. Sidan 1997 har medlemstalet gått ned med 4000. Partiet har dermed mista langt fleire medlemmer enn andre parti.

– Ei grunnleggjande forklaring er at vi har overgang til nytt medlemssystem. Vi har nok hatt ein del som har stått i registera våre som ikkje medlemmer på ordentleg, for å seie det slik. Det registeret vi har no, består berre av dei som er betalande medlemmer. Men generelt har vi nok hatt ein liten nedgang, seier han.

Vereide seier at utviklinga har snudd til pluss siste året. Han trur ikkje armbandssaka der Liv Signe Navarsete var involvert har hatt betydning .

– Eg tykkjer det er kjekt vel å gi si støtte til oss, trass i alt som har skjedd siste året.

– Men rikstala viser at Senterpartiet går ned 19 prosent dei siste fire åra. Er det grunn til uro?

– Ja, det er det absolutt, både for oss og andre parti som slit. Det seier vel også noko om at demokratiet slit i motbakke i forhold til medlemsdeltaking.