Hopp til innhold

Fødande trygge ved små sjukehus

Det er like trygt å føde på små fødeavdelingar som på store. Det viser tal NRK Sogn og Fjordane har henta inn. Fagfolk har tidlegare brukt manglande trygleik som eit argument for å legge ned fødeavdelingar ved lokalsjukehusa.

Frå fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus (arkivbilete)

Trygt eller ikkje: Små fødeavdelingar kjem ikkje dårlegare ut i undersøkjingar. Bilete er henta frå tidegare reportasje ved Nordfjord sjukehus.

Foto: NRK

I fleire år har det pågått ein kamp om nedlegging av fødeavdelingar rundt om i landet. Til saman seks lokalsjukehus, blant dei Lærdal og Nordfjordeid, står no i fare for å miste fødetilbodet sitt.

Ein viktig argument i debatten har vore at dei fødane ikkje er like trygge på små lokalsjukehus, men det manglar dokumentasjon på at så er tilfelle.

– Berre eit inntrykk vi har

Helsetilsynet sende i desember i fjor eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet om fødselskader frå 2006-2008.

Undersøkjinga tok utgongspunkt i 101 fødslar der det gjekk gale, og konklusjonen var at i 33 av desse var det berre jordmor til stades. Kor mange av desse fødslane som skjedde ved små avdelingar, blir det ikkje konkludert med.

Helsetilsynet kom då fram til at det var rett å åtvare mot små fødeavdelingar, men det finst ikkje god nok dokumentasjon.

– Eg tenkjer at vi skal vere forsiktig med å trekkje bastante konklusjonar av dette materialet, men vi har eit inntrykk av at dei små avdelingane er sårbare, seier helsedirektør Lars E. Hansen.

Artikkelen held fram under bilete.

Fødeavdeling

Trygt å føde: Små fødeavdelingar like trygge som store.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Heller ikkje konstituert avdelingssjef Tom Gulhav i Helse Førde, har klare fakta på kvar det er tryggast å føde.

– Vi har ikkje haldepunt for å seie at den organsiseringa som er i dag fører til eit dårlegare tilbod til dei fødande, seier Gulhav.

Trygt og godt på Eid

Vesle Isak ved Nordfjord sjukehus

Fødd på Eid: Vesle Isak og mor Lillian Myklebust

Foto: Asgeir Reksnes (mms-bilde) / NRK

Dei fødande ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid, meiner det er trygt og godt å føde på små sjukehus.

Denne veka såg ein ny verdsborgar dagens lys på Nordfjord Sjukehus. Ein mørkhåra krabat, som har fått namnet Isak, blir teken godt vare på av mor Lillian Myklebust.

Dette er hennar fjerde barn i løpet av 18 år, alle har kome trygt til verda ved sjukehuset på Eid.

– Eg synst det er heilt forferdeleg å leggje ned avdelinga på Eid, for eg føler at det er veldig trygt å føde her, seier Myklebust. Ho lurer også på kva slags dokumentasjon som finst på at det ikkje er tilfelle.

Ny undersøkjing lagt fram neste år

Også Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesten slo i 2008 fast at det ikkje finst nasjonale undersøkjingar på at dei fødande er meir nøgde på store enn på små sjukehus.

Til neste år skal kunnskapssenteret presentere ei ny undersøkjing, og håpar då og kunne gje klarare svar på kvar pasientane er mest nøgde.

NRK har sjølv henta ut tal på riftskadar for ti fødeinsitusjonar på Vestlandet frå 2001 til 2010.

Desse tala viser og at den største institusjonen Haukeland kjem klart dårlegast ut medan små insitusjonar som Voss og Molde kjem godt ut.