Hopp til innhold

«Livsfarleg vogntog» fekk køyre

Vogntoget som måndag vart stogga med graverande manglar på bremsene, er no på veg ut av landet.

Ungarsk vogntog på Håbakken.

LIVSFARLEG MÅNDAG: Dette ungarske vogntoget er på veg ut av landet

Foto: Statens Vegvesen

Føraren fekk eit førelegg 12 000 kroner i bot og vart fråteken førarkortet i tre månadar etter at han vart stogga med overlass og alvorlege manglar på bremsene .

Utan å ha gjennomørt reparasjonar er han no på veg ut av landet.

- Det kom vogntog i føremiddag og tok over lasta. Vi tok bremsetest på det og alt var i orden så vogntoget fekk reise. Det fekk også vogntoget med køyreforbod, seier Jan Ove Bjørgum hos Statens Vegvesen.

Fekk køyre vidare

Føraren fekk mellombels løyve frå politiet til å kome seg attende til Ungarn. Bremsene vart også vurdert som gode nok til at vogntoget kunne køyre tomt over fjellet og ut av landet.

Fullasta ville vogntoget fått store problem med å brostogge.

- Han hadde så pass bremseeffekt at han klarer seg tom. Når han får ei last på 20-30 tonn, så blir det heilt andre krav, seier Bjørgum.

Stogga to gonger

Vogntoget vart stogga to gonger under opphaldet i Norge. Føraren fortalte at han ikkje var klar over kor dårleg stilt bremsene var, og skulda på firmaet.

Han hadde vore i Årdal å henta aluminium då han vart stogga ved Håbakken på E16 i Lærdal. Inspektørane som kontrollerte vogntoget meiner funna var nær like graverande som estlendaren som vart stogga der for kring eitt år sidan.

- Den hadde vel kanskje fleire hjul utan bremser, men bremsevirkninga på semitralla var omlag lik. Begge ligg under halva av retardasjonen av det som er kravet, seier Bjørgum.