Det vart slått full alarm tysdag kveld då politiet fekk inn meldingar om at ein båt med personar ombord hadde gått ned utanfor Balestrand.
- Politiet har fått meldingar frå folk som har observert det dei meiner er ein båt som har gått ned, opplyste operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no tidlegare i kveld.
Kryssa Sognefjorden i småbåt
Men i ni-tida tysdag kveld melde ein mann i småbåt seg for politiet.
- Vedkommande har kryssa Sognefjorden i ein liten 15-fots båt med påhengsmotor. Dette er nok ikkje den rette båten å krysse Sognefjorden med i slikt ver, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit ved politiet.
Mannen har hatt sitt fulle hyre med å krysse fjorden og ana lite og ingenting om den store redningaksjonen som vart sett i gang etter at han vart observert i høge bøljer utanfor Balestrand. Mannen har no komme til land på Vangsnes på andre sida av fjorden ifølgje politiet.
Ifølgje
då han såg blålys og to helikopter på Balestrand-sida av fjorden.Observerte båt i trøbbel frå land
Ifølgje Hovudredningssentralen i Stavanger var det to vitner uavhengige av kvarandre som melde frå til politiet om det dei meinte var ein båt eller flåte med problem i Sognefjorden utanfor Balestrand.
– To uavhengige personar har gitt melding om at dei har sett ein båt eller flåte, med personar ombord som har hatt problem utanfor Balestrand, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Johan Mannsåker til NRK.no.
Det var like etter klokka 18 at meldingane kom inn, og redningsetatane gjorde i fleire timar omfattande søk for å finne ut kor vidt det var personar i sjøen.
Trappar ned søket
Ved 21-tida tysdag kveld hadde Hovudredningssentralen trekt ut storparten av ressursane som har delteke i leiteaksjonen.
- Ved 21-tida i kveld pågår det framleis søk langs fjorden, i tillegg til at ein hurtigbåt leitar i sjøen, seier redningsleiar Siv Namork ved Hovudredningssentralen.
Men både Sea King-helikopteret og luftambulansen som har delteke i søket tidlegare er trekt ut. Det same gjeld for ferja M/F Selje.
(Artikkelen held fram under biletet)
Fleire dykkarar deltok i søket utanfor Balestrand sentrum tysdag kveld.
Foto: Bård Siem / NRK- Årsaka til dette er at søkområdet er lite, og det har i løpet av dei siste timane blitt godt gjennomsøkt, forklarar Namork.
I tillegg har det vore pålandsvind mot Balestrand sidan meldingane om observasjonane av folk i sjøen kom inn like etter klokka 18.
- Saka har vore mykje i media, men det er til no endå ikkje kome inn meldingar om sakna personar i området, seier Namork til NRK.no.
Vrakrestar av flåte funne fjæra
Tidlegare tysdag kveld gjorde leitemannskapa funn i fjæra i Balestrand.
- Det er funne ein heimelaga flåte i fjæra, og det vert no gjort undersøkingar for å finne ut kor denne kjem frå, seier Mannsåker ved Hovudredningssentralen.
(Artikkelen held fram under videoen)
Mannsåker seier dei vurderer straumretningar i fjorden i tillegg til vindretning for å finne ut kor båten har komme frå.
Flåten kom frå Fimrete
Samtidig som politiet etter klokka 21 hadde fått meldingar om at mannen som vart meldt sakna er funnen i god behald, har dei også funne ut kor den heimelage flåten kjem frå.
- Den heimelaga flåten som er funnen i fjæra i Balestrand har rekt heilt frå Fimrete som ligg eit godt stykke lengre inne i fjorden, opplyser Arild Stokkereit ved politiet.
Flåten har såleis ingenting å gjere med observasjonane av småbåten i trøbbel.
(Artikkelen held fram under kartet)
Store ressursar vart sendt ut
Luftambulanse og eit Sea King-helikopter med dykkarar ombord er blant ressursane politiet operasjonssentral sendte ut.
- I tillegg har politiet sendt ut såkalla PAN-melding til alle båtane i området, opplyser Per Rimmen ved politiets operasjonssentral.
Også fleire lokale båtar er med i leitinga. På land er det sett i gang søk på Balestrand-sida opplyser Hovudredningssentralen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Også ei ferje er satt inn i leiteaksjonen utanfor Balestrand sentrum.
Foto: Karina Thorstensen SandeFerje sett inn i søket
Også ferja M/F Selje vart sett inn i søket i kveld. Ferja med eit mannskap på seks ombord vart tatt ut av trafikk på sambandet Hella - Dragsvik for å bidra i leitinga.
- På oppdrag frå politiet brukar vi dei store lyskastarane på ferja for å søke på fjorden, seier overstyrmann Helge Dombestein.
Sterk vind i området
Det er kraftig vind i området, og pålandsvind inn mot Balestrand.
- Flåten har blese på land i Balestrand, men kor vidt eventuelle personar ombord vil drive i same retning veit vi førebels ingenting om, seier Mannsåker.