Turkameratane ved avmarsj. Turid, Leiv, Eldbjørg og Willoch. Rart å sjå kor reine og opplagte vi såg ut. Då.
Skarsdalen. Vi gjekk rett opp midt i bildet og svinga inn på svaberget til venstre over staven.
Leiv. Obs raud merking. Ja, vi skal inn bak steinen og opp der...
Eldbjørg i renna, Turid over. Trangt og bratt. Som det var nesten heile vegen opp...
Oppe på svaet inn mot Gjegnabu. Smil og glede. Obs Hyen i bakgrunnen der nede.
Gjegnabu ligg som eit ørnereir på ein pynt. Obs utedoen (steinmurt, med svart tak) litt nærmare i bildet.
Utsikt frå utedoen. Frå setet, faktisk.
Kveldskos. Uklart bilde. Eg prioriterte stemning framfor knivskarpe detaljar. Lett for, det, på ein slik kveld.
Halvvegs frå Gjegnabu til Gjegnen, ved Gjegnalundsbreen.
Leiv på Gjegnen. Skikkeleg fjellførar. Seig, brun og speka som eit fenalår. :-)
Utsikt mot nordaust. Slik var det, heile vegen rundt.
På Galleriet. Eldbjørg og Turid kraup på magen ut for å sjå.
Eg på Galleriet. 'Jag kan flyga. Jag er inte redd'. Utsikta var flott.
...ja, beint fram fantastisk...
..i grunnen majestetisk.