Kommentar:
, distriktsredaktørDen siste veka har debatten om det framtidige sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane gått av skaftet. Drive fram av god journalistikk frå Firda si side.
Leiaren i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, kranglar openlyst med sine eigne partifellar, ordførarane i Førde og Gaular. Duoen Harry Mowatt og Clara Øberg, fylkestingspolitikarar for Ap og styremedlemmar i Helse Førde, går rett i strupen på partikollega og stortingsrepresentant Ingrid Heggø.
Eid Ap vil kaste nemnte Øberg og Mowatt ut av partiet, og ein sogning har visstnok
.Brennande engasjement
For midt opp i det politiske bikkjeslagsmålet bur det altså ein eldre kar i Sogn med eit brennande engasjement for Lærdal sjukehus fordi han og familien har hatt gode erfaringar med lokalsjukehuset sitt.
Karen er så engasjert at han meiner det er utidig at styreleiaren i Helse Førde skal jobbe dugnad under fotballturneringa Sognefjord cup, slik ho har gjort i mange år. Dette gir sogningen klart og tydeleg uttrykk for både til dei som arrangerer turneringa og til Clara Øberg.
Han er nemleg vakt for eit telt som er plassert på turneringsområdet og ser sitt snitt til å snakke til Øberg når han ser ho kome. Klar i talen, kanskje litt ufin og røff gir han Øberg beskjed om å pelle seg heim fordi han ikkje vil ha noko å gjere med ei som vil rasere lokalsjukehusa.
Det er jo som kjent ikkje mange dagar sidan styret i Helse Førde, med Øberg i spissen, gjekk inn for å leggje ned lokalsjukehusa. Også sjukehuset i Lærdal.
Ikkje bra, men
Handlinga til karen i 70-åra er heilt sikkert ikkje bra. Han var nok verken konstruktiv eller særleg lyttande til kva Øberg hadde å seie. Og han skilte garantert ikkje mellom privatpersonen Øberg og styreleiaren Øberg.
Firda og Sogn Avis har brukt ordet trugande, og dei har også brukt ordet profilert fotballeiar.
Var han trugande bør Øberg gjere som ho gjer med andre trugsmål, går til politiet. Men mannen som snakka er ikkje i dag ein profilert leiar i fotballkrinsen, han hadde heller ingen verv i samband med turneringa og han hadde ingen mynde til å stoppe verken Øberg frå å jobbe dugnad eller turneringa frå å bli arrangert.
Kravet om ein reaksjon mot den eldre karen for det han sa, er like dumt som å hevde at Øberg skal måtte stå til rette for kva alle tilsette i Helse Førde måtte meine om fotballkrinsen.
Sympatikampanje
Min første tanke etter å ha snakka med karen var at dette var ein sympatikampanje frå Øberg si side, med god hjelp av Førdeavisa Firda. Ho treng støtte i desse tider, og det er lett å få støtte dersom du blir sjikanert og truga, men då må sjikanen vere reell.
Uansett kva som vart gjort og sagt på Hafslo under turneringa så meiner eg dette er noko Øberg må tåle så lenge ho er styreleiar i Helse Førde. Øberg kan ikkje parkere leiarvervet heime og tru at ho skal få gå kvar ho vil utan å bli konfrontert med eit vedtak som betyr uendeleg mykje for mange i Sogn og Fjordane.
Takhøgda for ytringar må vere høg, ikkje minst frå dei som har eit nært forhold til lokalsjukehuset sitt, og det hadde karen som Øberg møtte på Hafslo.
Eit brennande engasjement som tippa feil veg, ord som ikkje skulle vore uttalt. Likevel er dette noko Øberg må tåle.
At saka no blir snudd på hodet, og at Firda på leiarplass krev reaksjonar mot denne karen stadfestar berre inntrykket av ei sak og ein debatt som har gått av skaftet, der få makter å halde tunga beint i munnen og der alle midlar blir tekne i bruk. Også sterke ord frå engasjerte eldre.