Hopp til innhold

Viser ministeren ubrukt ruspost

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen får torsdag omvisning på den ubrukte rusposten på Nordfjordeid.

Nordfjord psykiatrisenter

Nordfjord psykiatrisenter har ansvaret for drifta av rusposten på Nordfjordeid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Trond Aarre

Avdelingssjef Trond Aarre.

Foto: Helse Førde

Bygget til 23 millionar kroner stod klart i oktober i fjor, men Helse Førde har førebels ikkje sett av pengar til drift. Avdelingssjef Trond Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter vil fortelje ministeren om hans frustrasjon.

- Det er beklageleg for ei pasientgruppe som kunne fått eit endå betre tilbod om vi hadde kunne kome i gong med drifta, seier han.

Møtt av tome rom

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen får torsdag omvisning på den ubrukte rusposten i Eid.

Foto: Anders Brekke / NRK

Planen var at ti rusavhengige pasientar skulle få hjelp og behandling av 20 miljøarbeidarar, to legar, ein psykolog og ein sosionom. Det årlege driftsbudsjettet var sett til 18 millionar kroner, men helseføretaket har ikkje prioritert å setje av midlar til drifta. Dermed vil tome rom og verken pasientar eller personale møte Strøm-Erichsen.

- Det er ikkje drift, og vi har heller inga aning om når vi kan byrje å planlegge for drift heller, seier Aarre.

- Bør ordne opp

Leiar i Nordfjordrådet, Gunn Helgesen, stiller seg kritisk til dette. Også ho skal møte ministeren, og vil meiner statsråden bør ordne opp slik at rusposten kjem i drift så snart som råd.

- Det er eit nybygg og tilbod som er heilt naudsynt som framleis står stengt. Det er bortkasta pengar så lenge det skal stå slik som i dag, seier ho.