Hopp til innhold

Akutt sjuk pasient måtte ta båt

Ein mann som vart akutt sjuk, måtte bli frakta med båt og bil til Førde sentralsjukehus i dag.

Luftambulanse

Ein mann frå Sunnfjord vart akutt sjuk, men kunne ikkje reise på raskaste måte til sjukehuset.

I føremiddag måtte ein mann frå Sunnfjord bli frakta med båt og ambulansebil istadenfor i luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde.

Pasienten ligg no på intensivavdelinga. Tilstanden er alvorleg, men stabil.

Seksjonslege ved Førde sentralsjukehus, Robert Brennersted, seier det er vanskeleg å vite kor viktig ambulansehelikopteret vil bli i utrykkingssituasjonar.

– Om eit oppdrag har vore livreddande eller ikkje, er veldig vanskeleg å få statistikk på. Ein veit det aldri før pasienten er ferdig behandla, fortel Brennersted.