Øberg
, og fleire lokalpolitikarar i Nordfjord meiner Øberg får som fortent når ho vert sjikanert.- Eg har vore utsett for til dels sterke angrep som har gjort at eg har meldt ein person til politiet. Han har no forbod mot å ta kontakt med meg.
- LES OGSÅ:
- Hadde vore ille lenge
Etter utallige telefonoppringingar, tekstmeldingar og epostar med trugande og sjikanerande innhald, tok Clara Øberg kontakt med politiet like før helga. Det viste seg at det var ein nordfjordring som stod bak trugslane, og at det var motivert ut frå at Helse Førde vil omgjere Nordfjord Sjukehus til lokalmedisinsk senter. Nordfjordingen er no ilagt kontaktforbod mot styreleiaren i Helse Førde.
- Då hadde det vore ille over tid, og eg hadde skriftleg gjeve beskjed om at vedkommande ikkje skulle ta kontakt. Men det heldt fram likevel.
- «Eg ønskjer inderleg at du skal døy».
Øberg føler situasjonen svært belastande. Ho fortel at ei av meldingane hadde følgjande innhald: «Eg ønskjer inderleg at du skal døy».
Men det ho opplever som aller tøffast, er at fleire lokalpolitikarar frå Nordfjord har gjeve beskjed at ho får som fortjent.
- Det er veldig trist at nokon meiner at det er tilpass at ein skal bli utsett for slikt.
Rysta ordførar
Ordførar i i Vågsøy, Roger B. Silden (Ap), er rysta over opplysningane Øberg kjem med.
- Dette tek eg fullstendig avstand frå. Det må gå an å ha ein fornuftig dialog utan å drive på denne måten. Det er synd og skam at det skal vere slikt.
- Tener ikkje saka
Han tek også sterk avstand frå at lokalpolitikarar meiner det er tilpass for ho.
- Vi må kunne diskutere og vere ueinige utan å halde på slikt. Dette høyrer ikkje heime nokon stad.
Silden håpar Øberg har folk rundt seg som gir henne hjelp og støtte.
- Vi ønskjer å diskutere problemstillingar og ikkje personar. Det tener ikkje saka å drive på med slike usaklege personangrep.