Hopp til innhold

- Dette er Bolstad i kjent stil

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Oddgeir Lunde, meiner Helse Førde-direktør Jon Bolstad tek feil når han avfeiar ny kritikk som gamle saker.

Oddgeir Lunde

Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Oddgdeir Lunde, meiner det er feil av direktøren i Helse Førde, Jon Bolstad, å avfeie ny kritikk som gamle saker.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bolstad avviste måndag skuldingar om trakassering , med " eit samansurium av gamle episodar og gamle saker ".

- Det er ein Bolstad i kjent stil. Inga erkjenning av noko slag, og det er klart at han svært gjerne ynskjer å definere alt; både korleis han skal forstå det og korleis han skal oppfatte det, seier Lunde.

Spreier fryktkultur

Fylkesleiaren i Sjukepleiarforbundet er både oppgitt og sint etter at Bolstad i ettermiddagssendinga måndag avfeia all kritikk. Fleire tilsette i Helse Førde seier direktøren spreier ein fryktkultur i føretaket med leiarstilen sin.

Jon Bolstad og Clara Øberg.

Styreleiar Clara Øberg meinte kritikken mot direktør Jon Bolstad er urimeleg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det er dei same sakene som kom i utgangspunktet kjem opp att no, som var i 2005 og 2004, sa Bolstad.

Vart kalla inn på teppet

Lunde seier at dette ikkje stemmer. Han får støtte av ortoped Bengt Erik Larsson. Så seint som i januar 2008 vart han kalla inn på teppet etter at han ytra seg kritisk i den såkalla ortopedistriden i Helse Førde.

- Han vart høg i røsta, kalla meg ein løgnar og skulle bevise at eg var ein løgnar. Etterkvart tok han fram ein konvolutt som han meinte beviste at eg var ein løgnar, men dei dokumenta har eg ikkje fått sjå, seier han.

Frå 2008 til 2010

Saka er endå ikkje avslutta, og ligg hjå hovudvernombodet i Helse Førde. Lunde seier at dette er eitt av fleire døme på trakassering i helseføretaket. Også under striden kring arbeidstid ved Nordfjord sjukehus i fjor, kjende fleire tilsette seg trakasserte, seier Lunde.

- Det er saker som stammar frå 1. oktober 2009 og fram til januar 2010, seier han.