Hopp til innhold

Innvandrarar på topp med nynorsk

Norskresultata for innvandrarane hjå Førde Norsksenter ligg langt over landssnittet. Undervisninga er på nynorsk.

Video nsps_upload_2010_2_17_16_39_27_2006.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

HARDT ARBEID: Regat Asefaw Kahsai og Habtom Kesete puggar nynorske ord.

Førde er ein av berre tre kommunar i Sogn og Fjordane som tilbyr innvandrarar opplæring på nynorsk. Resultata frå prøvene før jul viser at det ikkje er nokon bakdel for innvandrarar å lære denne målforma. Med 78% stått ligg Førde godt over landsgjennomsnittet på rundt 50%.

Nyttig nynorsk

Rektor Ole Magnar Stein meiner innvandrarar må få tilbod om å lære den målforma som blir nytta i kommunen.

– I vår kommune er det viktig at dei som skal forholde seg til det offentlege lærer nynorsk, seier Stein.

Regat Asefaw Kahsai er ein av dei som oppdaga nytten av å kunne nynorsk når borna hennar starta i barnehagen og på skulen.

– Dei snakkar nynorsk. No lærer vi av kvarandre, smiler Kahsai.

Norskopplæring

LÆRER NYNORSK: Alibek Khasbulatov, Suphap Grimeland og Charinya Mayun er ivrige studentar ved Førde Norsksenter.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

Laga eige læreverk

I vaksenopplæringa har ikkje Kahsai dei same rettane som borna i skulen. Kommunane har ikkje plikt til å tilby opplæring på båe målformer, og dei aller fleste nyttar kun bokmål i opplæringa av innvandrarar.

Også dei fleste læreverka er på bokmål, og dermed er det enklaste valet for kommunane å nytte denne målforma. I Førde tok faglærar Gunnar Flatland saka i eigne hender for å få til opplæring på nynorsk.

– Vi har laga ein del på eiga hand - klipt og limt i frå andre læreverk. Så vart det gitt økonomiske midlar frå staten til eit komplett læreverk for vaksne innvandrarar, seier Flatland.

Stolt rektor

Sjølv om variert undervisning på nynorsk framleis er ei utfordring, er rektor Ole Magnar Stein nøgd med at senteret kan tilby opplæring i kommunen si målform. Dei gode resultata er han spesielt stolt over.

– Det er ingenting som tyder på at det er noko meir ugunstig å lære nynorsk enn å lære bokmål i alle fall, ler rektoren.