Helseministeren var lite konkret
Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vart denne veka utfordra av tidligare leiar i sosialkomiteen på Stortinget, Harald T Nesvik frå Frp. Han ville vite kva som er definisjonen på eit lokalsjukehus. Og Strøm- Erichsen svarte:
- Det er ingen eintydig definisjon av kva tilbod og personalgrupper eit lokalsjukehus skal ha.
Har sett seg lei på runde svar
Nesvik var ikkje nøgd med svaret. Han meinte det var lite konkret. Han får full støtte fra Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.
- Arbeidarpartiet må ta utfordringa og definere kva eit lokalsykehus skal vere. Det slit på både personale, pasientar og innbyggjarar at det ikkje er sagt kva funksjonar eit lokalsjukehus må ha, seier ho.