Hopp til innhold

Varmepumpene taklar ikkje kulden

- No har det vore noko tull her, seier Rasmus Færestrand frå Måløy.

Rasmus Færestrand

Varmepumpa til Rasmus Færestrand slutta å virke.

Foto: MMS- Asgeir Reksnes / NRK

Og det er ikkje utan grunn. For varmepumpa som skulle halde huset hans varmt, har slutta å fungere. Færestrand er ikkje åleine. Hos varmepumpeleverandøren Vest Energi på Nordfjordeid, har ikkje telefonen stått stille denne kuldeperioden.

- Mange er nesten hysteriske og kjeftar og smell. Nokon skjønar at det er fint med varmepumpe, men at det ikkje er noko mirakelmaskin, seier dagleg leiar Tom Barmen.

- Vore noko tull

Barmen er heller ikkje overraska. For varmepumpene misser effekten når temperaturen går under ti minus. Slik som hos Færestrand der snøen lavar ned utanfor stoveglaset. I natt viste kvikksølvet 20 kuldegrader fleire stadar i Nordfjord.

- Vi har ho ståande på 23-24 grader, og då er det fint og greitt her. Men no har det vore noko tull her, seier han og ser oppgitt på varmepumpa som ikkje gir ut nok luft.

Må ha alternativ

Tom Barmen, dagleg leiar i Vest Energi på Nordfjordeid.

Dagleg leiar hos Vest Energi på Nordfjordeid, rår alle til å ha

Foto: MMS- Tom Barmen / NRK

Pumpene gir varme til hus og leiligheit på ein rimelegare måte enn tradisjonell oppvarming. Men, dei har si avgrensing og også varmepumpene må gi tapt mot Kong Vinters vrede. Då er rådet anna oppvarming. Har du ikkje det, blir det kaldt.

- Eg plar seie at dei må gjere som dei gjorde før dei fekk varmepumpe; å fyre litt i peisen eller bruke ein omn i tillegg, seier Barmen.

Motsett effekt

Berre i år blir det i Norge seld over 70 000 varmepumper. Kvar og ein skal få informasjon om at dei truleg treng alternativ oppvarming når kulda set inn. Energirådgjevar i Enova, Trond Paasche, seier ei varmpumpe er ei god investering som kan halvere oppvarmingskostnadene i eit vanleg hus.

- Problemet er at, dess kaldare det blir, jo mindre effekt får du ut av den. Du får motsatt effekt av det du ynskjer, seier han.

Ikkje glad i snø

- Varmepumper fungerer utmerka på plussida av null, og kanskje ned mot minus ti, legg Paasche til.

Det har også Færestrand merka. Men i dag var det kaldare i stova enn han likar. Han har ringt reperatør, og vonar at veret betrar seg.

- Eg er ikkje så glad i denne snøen. Den kunne godt vore oppe i fjellet, eller eit kvart. Men det går greitt, seier han.