Hopp til innhold

- Jobbar 21 timar i strekk

Sjukehus manglar folk - pleiarane må jobbe doble og triple vakter.

Lærdal sjukehus

JOBBAR MYKJE: Sjukepleiarforbundet hevdar at pleiarane ved Lærdal sjukehus jobbar opp mot 21 timar i strekk. - Brot på norsk lov, meiner dei.

Foto: unknown / NRK

- Det er rett og slett ikkje lov, men dei blir pålagde å gjere det, seier Oddgeir Lunde.

Han er leiar i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane, og hevdar at einskilde sjukepleiarar ved Lærdal sjukehus nokre gongar må jobbe 21 timar i strekk.

Går utover tryggleiken

Torsdag kom det fram at sjukepleiarane ved sjukehuset gjekk på jobb med sørgjeband i protest mot bemanningssituasjonen på arbeidsplassen.

No meiner Lunde arbeidspresset er uforsvarleg stort.

Og han trur situasjonen i Lærdal er verre enn andre stader i Helse Førde.

- Det går utover tryggleiken til pasientane. Og driftssituasjonen blir deretter, seier leiaren.

- Og det er jo rett og slett ikkje lov å påleggje nokon å gå triple vakter, hevdar Lunde.

Stiller seg undrande til kritikken

Men direktør Arve Varden ved medisinsk klinikk i Helse Førde avviser kritikken.

- Eg har ikkje fått tilbakemeldingar om at nokon har gått triple vakter. Eg stiller meg undrande til dette, seier han.

- Men som ved mange andre sjukehus, har nokre pleiarar hatt doble vakter, opplyser Varden.

- Meiner du det berre er løgn frå sjukepleiarforbundet?

- Det var dine ord. Det eg kan seie om medisinsk seksjon, er at eg ikkje kjenner til at nokon har gåt triple vakter, seier Varden.