Hopp til innhold

Hjortejakt på radio

- Dette var ei pangopning av jakta, sa Knut Førde etter at fyrste hjorten vart skoten torsdag morgon.

Hjortejakta i gang
Foto: Birger Meland / NRK

Kvart på seks gjekk skotet som felte den fyrste hjorten i Breim. Torsdag startar hjortejakta, og fleire er på veg ut på jakt.

- Den fyrste morgonen er alltid spesiell. Dei fyrste morgonane forstår ikkje hjortane heilt kva som skjer, seier Knut Førde.

God kjensle

- Dei morgonane står dei til det er lyst nok til å skyte, fortel han.

Hjorten som vart skoten hadde ei slaktevekt på om lag 55-60 kilo, og vart felt av Rune Fjell frå Stavanger. Han fortel at det var ei god kjensle å få hjorten i siktet fyrste morgonen.

- Har ikkje høyrt fleire skot

- Eg hadde han fyrst i handkikkerten, og tok han så i geværsiktet, fortel Fjell. Han var også i fjor på jakt i området, men då vart det ikkje like god utteljing.

- Då stod nok hjorten litt høgare enn no. Me er fire stykk frå Stavanger som er her, men eg har ikkje høyrt skot frå nokon av dei andre, seier han.