Hopp til innhold

Truck-løft stogga samleie

Truckførar ville løfte vekk feilparkert bil - men sjåføren var alt på veg til himmels…

- Eg tok trucken og løfta bilen opp for å flytta den. Då den hadde vore i lufta ei lita stund stakk det eit hovud ut og sa "slepp meg ned"! Bilen var knapt nede på bakken att før den skaut av garde, seier Gunnstein Sæterlid til NRK etter at Sogn Avis fortalde om ei svært pikant historie han opplevde på jobb for ei tid sidan.

Eit hovud stakk ut...

Truckføraren hadde fått beskjed om å losse eit vogntog på lagringsplassen til Byggmann i Vik i Sogn ein sein kveldstime, og vart mektig irritert då han kom inn på lagringsplassen. Der stod ein svært feilparkert Golf med lysa av - midt i vegen for bilen Sæterlid skulle tømme for varer.

- Då datt det or meg nokre gloser som ikkje skal på trykk, seier Sæterlid.

Han vart så irritert at han bestemte seg for å løfte vekk bilen med gaffeltrucken sin, og fekk nærmast sjokk då døra opna seg og eit hovud stakk ut.

- Ikkje åleine

- Han var nok ikkje åleine i bilen, og dei var nok opptekne med sitt. Eg surra no på ei god stund før eg løfta bilen. Han hadde mange høve til å flytte bilen, så det var nok eitt eller anna som skjedde der inni, humrar Sæterlid.

- Dei trudde nok dei skulle få fred på den tida av døgeret, legg han til.

Trailersjåføren såg bilen skyte av garde, og lurte på kva som hadde skjedd.

Knekte av latter

- Eg og sjåføren måtte ha oss nokre minuttar for å fordøye dette. Vi var jo heilt knekte av latter, seier han.

Historia var likevel på veg i gløymeboka då ein journalist i Sogn Avis fekk høyra den.

- Eg har no fortalt histora til enkelte, og då journalisten fekk tak i det var det gjort, seier Sæterlid.