Hopp til innhold

Grønt lys for kjøpesenter

Alt tyder på at Sogndal får fylkets største kjøpesenter.

Nedrehagen, der kjøpesenteret skal byggjast
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Torsdag ettermiddag vedtok Sogndal kommunestyre å godta parkeringskrava frå Sjølyst Utvikling.

Gratis parkering

Investor Ola Mæle og Sjølyst Utvikling har dermed fått politikarane i Sogndal til å gå med på kravet sitt om at det skal vere to timars gratis parkering utanfor kjøpesenteret.

I kommunestyret røysta 20 for å gå med på kravet, medan fem røysta imot, etter ein lang debatt og med til dels oppheta stemning.

Parkeringsavgift elles i Sogndal

Det var semje om det meste, men stridens eple var om det skulle vere gratis parkering ved kjøpesenteret eller om parkeringsreglementet til Sogndal kommune skulle gjeld også i Nedrehagen. For det er parkeringsavgift i det meste av Sogndal sentrum. Utbyggaren har ikkje gitt seg på kravet om at det må vere gratis parkering.

40.000 kvadratmeter

Det enda til slutt med klart fleirtal for at det skal vere to timars gratis parkering, og dermed er det grønt lys for å byggje eit kjøpesenter på 45.000 kvadratmeter i Nedrehagen, på høgde med Sognahallen, men på andre sida av Sogndalselvi og riksveg 5.

- Storstila utbygging

Kjetil Kvåle frå Arbeidarpartiet var mellom dei som gjekk inn for at Sogndal kommunestyre skulel godta to timars gratis parkering utanfor det nye kjøpesenteret, og han var nøgd med vedtaket.

- No har vi fått til ei storstila utbygging i Nedrehagen som dei fleste vil seie er positiv for Sogndal.

- Blir det no to timars gratis parkering elles i Sogndal og?

- Det kan det bli, men det treng ikkje bli det. Det vil tida vise.

Splitta Arbeidarparti

- Korleis ser du på at Arbeidarpartiet vart splitta i denne saka?

- Det er sjølvsagt ikkje ynskjeleg at gruppa er splitta, men når vi er så mange som ni vil det gjerne vere ulikt syn. Men eg er letta over at saka no er avgjord.

- Dagens tapar, men....

Karen Marie Hjelmeseter frå Senterpartiet var mellom dei fem som røysta imot parkeringsvilkåra.

- Eg er kanskje dagens tapar, men eg trur vi kjem til å få store utfordringar framover som ein konsekvens av dette vedtaket.

- Men kvifor sa du nei til eit kjøpesenter med mange nye arbeidsplassar?

- Eg sa ikkje nei til kjøpesenteret, for det vil eg gjerne ha. Eg sa nei på eit punkt der eg faktisk hadde trudd at utbyggjaren ville gje seg. Men det gjorde dei ikkje.

- Ja, trur du dei hadde gitt seg dersom kommunestyret hadde sagt nei til gratis parkering?

- Det veit eg ikkje. Men etter det opne møtet vi hadde før kommunestyremøtet var dei tydelege på at vi skulle få til dette i fellesskap.

Glad Ola Mæle

Ola Mæle
Foto: Scanpix

Investor Ola Mæle seier han er glad for den breie støtta vedtaket hadde.

- Det gir oss tryggleik for at dette skal vi få til.

- Fekk de det heilt og fullt slik de ville?

- Dette er ei framforhandla løysing, den er ikkje slik vi ville ha det i utgangspunktet, for mange av våre konkurrentar har heilt gratis parkering.

- Klart i 2011?

- Når kan kjøpesenteret vere klart?

- Det er litt uvisst, vi reknar med at vi blir om lag eitt år forseinka i forhold til dei første prognosane, og finanskrisa gjer det vanskeleg å få pengar til slike prosjekt, men vi har tru på at det kan vere klart i 2011.