Hopp til innhold

Reiv krigsminne utan løyve

- Dette er svært beklageleg, seier bygningsingeniør i Vågsøy kommune.

Kanonstillinga på Blålid i ruinar
Foto: NRK-tipsar / NRK

Delar av dei gamle kanonstillingane og bunkersane på Blålid i Vågsøy har blitt jamna med jorda.

Gjorde grunnarbeid

- Eg gjorde noko grunnarbeid på mi tomt, og sidan entrepenøren først var her starta han arbeidet også på nabotomta som er eigd av sonen min, seier Oddbjørn Nygård.

Sonen har planar om å setje opp bustadhus på tomta der dei gamle krigsminna står. Oddbjørn Nygård seier dei har fått løyve frå kommunen.

Fekk løyve

- Eg var i muntleg kontakt med bygningsingeniør Per-Christian Nielsen i Vågsøy kommune. Han sa vi kunne starte arbeidet sidan Fylkeskommunen ikkje hadde kome med uttale i saka innan fristen var gått ut. Men, plutsleg ringde han og sa vi måtte stoppe arbeidet. Vi har uansett ikkje gjort noko utan løyve frå kommunen, seier Nygård.

Men då vi ringer Per-Christian Nielsen får vi ein anna versjon.

Berre tull

- Det er berre tull. Realiteten er at han ikkje har lov til å røre denne muren og desse kanonstillingane, seier han.

- Kva synst du om dei skadane som er gjort?

- Nei, eg vart ikkje særleg begeistra. Han har øydelagt 4-5 meter av muren. Blant anna har dei reve den fremste delen av ringen der kanonstillinga sto, seier han.

- Men, Nygård seier han har fått muntleg løyve frå deg til å starte arbeidet på tomta, og at du plutlseg gjekk tilbake på dette?

- Kva har du eigentleg med denne saka å gjere?

- Eg ringer frå NRK Sogn og Fjordane som journalist, det har eg alt presentert meg som.

- Men, no ringer du privat. Eg snakkar ikkje meir med deg no. Du får ringe meg i arbeidstida på måndag.