Hopp til innhold

Er ikkje klar til å hjelpe borna

Barnevernspedagogane fryktar for over 40 familiar sitt ve og vel når Bufetat fjernar nokre ikkje-lovpålagde oppgåver.

Barn

UTAN HJELP: Barnevernspedagogane fryktar kutt i Bufetat vil råke trengande born hardt. Kommunane er ikkje klar til å ta over oppgåver frå Barnevernet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det statlege barnevernet, Bufetat må kutte og fjernar dagens ordning som skal førebyggje at problem utviklar seg i heimane, med ei mindre ordning.

Fellesorganisasjonen (FO), som organiserer barnevernspedagogar i Sogn og Fjordane, fryktar følgjene blir at fleire born ikkje får den hjelpa dei treng.

– Du skal sette inn tidlege tiltak for å lykkast med born og ungdom, så det er trist at det er dei det skal gå utover. Kommunane har i dag ikkje eit godt nok barnevern til å hjelpe alle borna, seier fylkesleiar Ann Kristin Nygård.

Mykje nytta tilbod

Fagforeininga og tilsette i kommunane er kraftig uroa når det statlege barnevernet her i fylket må kutte budsjetta sine og fjerne nokre ikkje lovpålagde oppgåver. Årsaka er at staten vil flytte oppgåver frå barnevern til kommunane.

Konkret betyr det at etaten fjernar dagens førebyggjande familie- og nettverkstiltak. Tiltak der tilsette frå Bufetat oppsøkjer familiar der born kan vere i ferd med å kome i vanskar. Årleg får mellom 40 og 50 familiar i fylket slik hjelp. Tiltaket skal erstattast med ei ny men mindre ordning.

– Terapeutane kjem heim til familien. Dei følgjer opp skulenettverk og andre partar, seier Nygård.

– Skjer for raskt

I takt med at det statlege barnevernet må kutte, er det meininga at kommunane skal ta over meir av oppgåvene. Men Nygård fryktar at ting skjer for raskt. For kommunane er ikkje i stand til å byggje opp like raskt som staten byggjer ned.

Mange små kommunar i fylket har i årevis streva med å til ei god barnevernteneste. Bemanninga er somme stadar blant dei lågaste i landet.

– Det vil då gå utover dei svake som brukar denne tenesta. Det er barn, unge og familiar. Det er mange små kommunar, kanskje få fagfolk på kvart kontor. Det tek litt tid å byggje opp kompetansen som desse terapeutane no har, seier Nygård.

Auke, auke, auke

Barnevernkonsulent Kim André Vangberg i Høyanger deler uroa til Nygård.

– No står vi med familiar og born som ikkje får dei tiltaka som dei har behov for, seier ha og fortel at kommunane treng både auka budsjett, bemanning og kompetanse i førstelinetenesta for å stå rusta til å ta over oppgåvene.

– Det har vi ikkje per dags dato, og dette vil då råke dei små kontora hardast. Spesielt dei med to til tre tilsette, seier han.

Blir erstatta

Regiondirektør i Bufetat på Vestlandet, Borghild Lekwe, seier trongare økonomi er årsaka til at det statlege barnevernet må kutte.

Ho seier dagens førebyggande tilbod, som er unikt for Sogn og Fjordane, blir erstatta av ei ny ordning som er vanleg elles i landet. Ho vedgår samstundes at det då blir med tre tilsette mot ti i dag.

– Vi har ein slik situasjon at det er naudsynt å gjere grep. Samstundes vil eg peike på at vi i Sogn og Fjordane får eit anna tilbod, som faktisk er dokumentert forskingsmessig gir effekt. Så skal vi sjølvsagt ha dialog i overgangen for å sikre at ingen born misser sitt eksisterande tilbod på grunn av ei avvikling, seier ho.

Vil bli sakna

– Kan vi vere heilt trygge på det?

– Vi kan aldri gardere oss mot at uheldige tilfelle skjer, men vår ambisjon er at tilbod til enkeltborn ikkje skal blir avslutta som følgje av omlegginga. Dette må skje på ein mest skånsam måte.

I Høyanger seier Vangberg at dagens samarbeid med Bufetat vil bli sakna.

– Dei tiltaka som Bufetat har tilbydd, men ikkje skal tilby lengre, har vore gode tiltak der vi har sett framgang i samspel med foreldre og barn, seier han.