Hopp til innhold

Ein liten sidepropell var ikkje nok

Cruiseskipet Ocean Countess fekk problem med å legge til kai i den sterke vinden i Molde tysdag formiddag.

Cruiseskip Molde

800 cruisepassasjerar kom til Molde tysdag formiddag, litt forseinka på grunn av vinden.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ein liten sidepropell på det gamle skipet (1976) dugde ikkje i vindkasta. Skipet måtte bruke anker og hjelpebåt for å klare brasane.

Det var 26 sekundmeter vind i Molde tysdag formiddag.

Ocean Countess har 800 passasjerar og eit mannskap på 350.

Ocean Countess Molde

Det gjekk greitt til slutt, og Ocean Countess kom trygt til kai i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK