Hopp til innhold

Chick Corea til Molde

Pianolegenden Chick Corea kjem til Molde for å halde konsert den 27.oktober.

Chick Corea
Foto: Langmyren, Kjell / SCANPIX

Corea har vore gjest under jazzfestivalen fleire gonger, og no skal han ha verdspremiere på ein nyarrangert versjon av den såkalla mirakelkonserten han hadde under jazzfestivalen i 2000.

Den nye versjonen skal han spele saman med Trondheim Jazzorkester.

Konserten er eit samarbeid mellom Midtnorsk jazzsenter, Moldejazz og Storyville Jazz Club og er ein del av Moldejazz si markering av 50-årsjubileet i år.

Chick Corea gjorde konserten i 2000 som ein del av oppdraget som ”Artist in Residence” det året.

Sist gong Chick Corea var i Molde var i 2007 då han spelte saman med vibrafonisten Gary Burton.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL