UP beslagla tre førarkort og skreiv ut 15 førelegg under kontrollen 1. juli.
Skilting skapte forvirring
Til avisa Vestlandsnytt seier lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande at det hadde vore eit omfattande anleggsarbeid i området der UP heldt kontroll. Under arbeidet hadde ein forlenga ei 50-sone med 500 meter. Denne slutta å gjelde 19. desmber i fjor.
Lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande.
Foto: Andreas Sundby / NRKSkiltinga hadde blitt ståande samtidig som den opphavlege skilinga ikkje hadde kome på plass, noko som gjorde at Utrykkingspolitiet heldt fartskontroll i det dei trudde var i ei 50-sone.
Lensmannen kontrollerte UP
To av dei som mista førarkorta tok konakt med lensmann Per Otto Myklebust etter kontrollen. Myklebust bestemte seg då for å sjå nærare på kontrollen.
- Vi har konkludert med at det har vore mykje usikkerheit kring denne saka. Dette har gjort at ein ved politimeisteren sitt kontor har bestemt å levere tilbake dei beslaglagte førarkorta og annulere førelegga, seier han.
Eitt førelegg blir stånde
Alle med unntak av ein bilist som vart stoppa i kontrollen slepp med skrekken.
- Ein bilførar som blei teken i 96 km/t får eit førelegg, ettersom vi tek utgangspunkt i at kontrollen blei gjort i ei 80- sone, seier Myklebust.
Beklagar
På vegne av politiet og UP beklagar lensmann Per Otto Myklebust det som har skjedd. Til Vestlandsnytt seier han at Vegvesenet no skal rydde opp i skiltinga på staden.