Hopp til innhold

Videodagbok frå Fjelltunvegen 31

Ulukka i Fjelltunvegen har vore fulgt av TV-kamera frå time til time. Her er dei fleste TV-innslaga NRK har laga frå Fjelltunvegen.

Boligblokk Ålesund
Foto: FORSVARETS 330 SKVADRON

Innslaga er sett opp kronologisk, slik at du kan følgje saka frå dag til dag.

Onsdag 26. mars

Den dramatiske natta. Kaos og evakuering. Naboar fortel at dei blei vekte av eit voldsomt smell.

Vakna til eit inferno

Blei vekt av voldsomt smell

Huset har flytta seg mange meter

Gasstanken kan eksplodere

Torsdag 27. mars

Røyken stig framleis frå bustadblokka på Fjelltun. Omfanget av ulukka er synleg for alle. Nokre av dei evakuerte besøker området.

Det brenn framleis i Fjelltunvegen 31

Han overlevde. I dag får han sjå bustadblokka

Heimlause på ubestemt tid

Fredag 28. mars

Fredag kjem justisministeren til Ålesund. Brannvesenet opplyser at propanen i gasstanken kan brenne i fleire dagar.

Kan brenne i fleire dagar.

Evakuerte får hente ut det nødvendigste

Jusitsministeren besøker Fjelltunvegen 31

Laurdag 29. mars

Det er ei gripande sørgegudsteneste i Volsdalen kirke. Dronning Sonja deltek i gudstenesta.

Sørgegudsteneste i Volsdalen kirke

Søndag 30. mars

Mannskapa har stått på i heile helga. Brannvesenet borar hol i betongveggen for å kome inn til gasstanken.

Bora seg inn til gasstanken

Måndag 31. mars

Evakuerte får flytte heim, og ei ekspertgruppe arbeider for å finne ut korleis dei omkomne kan hentast ut.

Gasstanken snart tom

Pressekonferanse måndag

Må kanskje rive

Evakuerte får flytte heim

Tysdag 1. april

Denne dagen slår politiet fast at det ikkje er håp om å finne nokon av dei sakna i live. Nokre av dei evakuerte som får lov til å flytte heim, tør ikkje. Det er framleis gass i tanken, og det blir ein risikofylt jobb å få tanken vekk.

Ikkje håp om å finne overlevande

Vil punktere gasstanken

Tør ikkje flytte heim

Onsdag 2. april

Eit skot med eit gevær, og eksplosjonsfaren var over. Ein skarpskytar frå politiet skyt hol i gasstanken. Propanlukt i området tyder på av gassen har siva ut. Politiet erklærer at eksplosjonsfaren er over. Dei evakuerte får flytte heim, og søket etter dei omkomne kan ta til.

Skaut hol på eksplosjonsfarleg tank

Kondolanseprotokoll på Ålesund rådhus

Torsdag 3. april

Mannskapa kan for første gang gå inn i bygget. Dei finn ein av dei omkomne. Den omkomne blir sendt til sjukehuset i Ålesund for identifikasjon.

Ein omkomen funnen

Fredag 4. april

Leitinga i bygget held fram. Om formiddagen blir nok ein omkomen funnen i ruinane.

Nok ein omkomen er funnen