– Det er heilt ypparleg å bruke humor i staden for peikefingeren for å drive språkrøkt, seier direktøren i språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen til NRK.
Les:
Brukar bilete
Facebook-sida vart starta av komikar André Ulveseter natt til laurdag.
Måndag ettermiddag hadde 69 837 gitt sida tommelen opp. Og talet veks.
Ulveseter brukar humoristiske biletmontasjar som illustrerer kor feil det blir å dele opp ord som «lammelår», «matmor» og «kortstokk».
– Det starta med at ein kamerat retta på meg heile tida. Eg var først irritert på han. Men så forsto eg at det var alle skrivefeila mine som var irriterande. Dermed bestemte eg meg for å gjere noko med det, fortel han.
Høyr intervju med Ulveseter til slutt i artikkelen.
HOSTE: Hostar du saft, eller treng du hostesaft?
Foto: André UlveseterHindrar flyten
Språkdirektør, Arnfinn Muruvik Vonen, er spesielt glad for at Språkrøkt-sida har blitt så populær.
– Det er svært positivt at så mange viser at dei er opptekne av språk, seier han.
Språkdirektøren har tidlegare skrive ein kronikk om at folk må slutte å irritere seg, og heller glede seg, over korleis naboen snakkar og skriv.
Men Vonen presiserer at dette handlar om å glede seg over språkleg variasjon. Rettskrivinga slår han gjerne eit slag for.
– Det viktigaste er at særskrivingsfeil kan hindre flyten i lesinga. Vi blir sitjande og lure på kva dei eigentleg meinte. Og så får vi kanskje ein feil assosiasjon. Dette er flott illustrert i bileta til André Ulveseter, seier Vonen.
– Sei orda høgt
ØYDELAGT: André Ulveseter meiner Utdanningsforbundet har øydelagt logoen sin med denne orddelinga.
Foto: SkjermdumpSosiale medium har gjort privat skrift offentleg, og ikkje alle meistrar rettskrivingsreglane like godt. Språkdirektøren meiner likevel ikkje aksjonen kan oppfattast som mobbing.
– Det er det som er så ypparleg. Det er ingen som blir direkte uthengde her.
Han har også eit pedagogisk råd til dei som er usikre på korleis ein skriv samansette ord.
– Sei ordet høgt. Vi seier ikkje koke bok, eller kort stokk, vi seier kokebok og kortstokk, forklarar han.
Eksplosiv respons
Komikaren André Ulveseter har hatt travle dagar sidan han starta Facebook-gruppa i helga.
– Reaksjonen er eksplosiv. Det er utruleg kjekt, seier han.
Og komikaren presiserer at det har vore viktig for han å bruke positiv pedagogikk.
– Eg ville gjere dette på ein måte som ikkje støyter nokon. Alle skriv feil. Du kan jo berre sjå på logoen til Utdanningsforbundet. Eg forstår ikkje korleis dei har fått det til, men dei har klart å øydelegge den med å dele ordet feil, seier han.
I STUDIO: Høyr intervju med André Ulveseter og språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.