I tillegg kjem store samfunnsøkonomiske gevinstar, meiner Sindre Olav Blindheim.
Han er samfunnsøkonom i Statens vegvesen, og viser til mellom anna ferjeturen Molde - Vestnes som forhåpentlegvis blir erstatta av bru.
– Ein koplar saman bu- og arbeidsmarknad i Molde og Ålesund. Frå å vere to lite integrerte miljø til å bli eitt stort, seier Blindheim.
Samfunnsøkonomane i gruppa hans tek for seg effektane av ferjefri E39 på næringsliv og verdiskaping.
Eksempelvis kan samankopling av Ålesund- og Molde-området gi årleg verdiskapingsgevinst på meir enn 750 millionar kroner.
– Det som har kome fram stadfestar veldig sterkt våre hypotesar om at der er store verdiskapingseffektar og samfunnsgevinstar i ei investering i infrastruktur. Infrastruktur som ikkje er synleggjort ved dagens metodikk.
Sindre Olav Blindheim er samfunnsøkonom i Statens vegvesen.
Foto: Arild Pettersen / NRK– Ferjekaia er tidstjuven
Sju ferjesamband må erstattast av bruer dersom strekninga Kristiansand - Trondheim skal bli ferjefri.
Det skal vere teknisk mogleg å krysse alle fjordane med bru, men ikkje utan å sprenge grenser for dagens teknologi.
– Det er noko ein har fått stadfesta gjennom ein del prosjekt som har vore, at det faktisk kan gjerast.
Men mange kosar jo seg på ferja, så kvifor skal ein absolutt korte ned reisetida?
– Ferjekai er tidstjuven, seier transportnæringa og næringslivet.
– Det er enormt betalingsvilje for å sleppe ferja, avsluttar Blindheim.