. Dei er sikre på at fisketorget i Oslo kjem til å bli langt meir populært enn torget i Bergen.
Bergenserar ein eigen rase
Bergensk stoltheit skal ein ikkje ta lett på - og Fisketorget er som ein augnestein og eit nasjonalikon for bergenserane å rekne.
Torghandlar Kjersti Åkesson i Bergen likar dårleg - for å seie det forsiktig - at austlendingane yppar seg på denne måten.
- Ja, det er veldig frekt. Det er ingen ekte bergensarar som finn seg i dette, det kan eg love, nærast rasar ho.
Åkesson er trygg på at Bergen stiller sterkare i fisketorgkampen når alt kjem til alt.
- Austlendingane kan jo prøve, men dei har ikkje folka til det. Vi i Bergen er spesielle og ein eigen rase, og det trur eg ingen austlendingar kan konkurrere mot, seier ho engasjert.
Lang tradisjon i Bergen
Heller ikkje torgkollega Tom Rørnes trur Oslo kan røve til seg statusen som Bergen gjer hevd på.
- Dette har vi 1000 år tradisjon for her i Bergen, og det skal ein del til å snu den trenden. Vi får inderleg håpe at det ikkje skjer.
Fisketorget i Oslo skal byggjast i glas og fasongen er inspirert av ein fugl i flukt.
I Bergen står torghandlarane meir eller mindre i friluft under spinkle teltdukar. Rørnes vedgår at Bergen kan miste andlet viss politikarane ikkje tek dette på alvor.
- Viss politikarane ikkje vert med på laget for å gjere noko for torget i Bergen, så vil vi miste andletet rimeleg snart.
- Politikarane heilt handlingslause
Mykje er vorte sagt og lova om Fisketorget i Bergen, men lite er vorte gjort for å gjere Torget meir innbydande. Dessutan har Torget fått ein del kritikk for manglande kvalitet.
Torghandlar Kjersti Åkesson mistenkjer austlendingane for å utnytte denne situasjonen.
- Dei smir medan jarnet er varmt. Difor er det viktig at politikarane i Bergen no set alle krefter inn for å oppruste fisketorget her i byen.
Men Åkesson er ikkje veldig optimistisk med tanke på innsatsen politikarane kjem til å leggje ned for å ruste opp Fisketorget.
- Politikarane er forferdelege handlingslause, det er ei skam. Viss vi kjem i ein situasjon der fisketorget i Bergen er på veg ut, og Austlandet skal ta over, så er det ei katastrofe for Bergen.