– Eg har nesten blitt litt redd for å møte venene mine. Eg veit liksom ikkje kven som vil støtta meg og kven som ikkje gjer det.
Då Solveig trykte på "publiser"-knappen på Facebook torsdag denne veka, var ho førebudd på at nokon kanskje ville reagera. I somme miljø er det nemleg ei alvorleg synd å forlove seg med ein mann som har vore gift før - ein fråskilt.
Ikkje lenger ønska
For då forholdet til Solveig blei kjent, vart ho anbefalt leiinga i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) om å ikkje forsetja i jobben sin. Ein annan arbeidsgivar, Indremisjonsforbundet som eig og driv bibelskulen der Solveig jobba, sa ho opp med økonomiske vanskar som årsak.
– Det kom eit brev i posten. Der stod det at eg var oppsagt på grunn av økonomiske årsaker. Og eg håpar jo det stemmer, men syns jo det var veldig rart at det skulle skje akkurat då, seier Solveig.
Til
– Dei fleste som er tilsett hos oss er klar over at det er slik. Eg meiner vi i Bibelen har godt grunnlag for desse reglane. Ingen vil vera vrange, men i skjæringsfeltet mellom livet og Bibelens veiledning, kjem vi opp i kinkige situasjoner nokre gonger.
Blei stansa av kollegaer
Ho hugsar spesielt ein episode. Det var samling for alle leiarane i ein av dei kristne organisasjonane ho arbeidde for. Då ho kom på jobb, blei ho stansa av velmeinande kollegaer i gongen.
– Eg blei vel stoppa fem-seks gonger i løpet av turen ned ein korridor. Kan du vere her no då? Spurde dei.
– Og det var nok ikkje vondt meint, meir som ei oppmuntring: Er du verkeleg her no, tør du det. Men det gjorde vondt, og minna meg på at eg ikkje lenger var god nok. At eg ikkje lenger tilhøyrde det miljøet eg hadde vore i heile mitt liv.
FØLGER BIBELEN: Eg meiner vi i Bibelen har godt grunnlag for desse reglane, seier Øyvind Åsland, generalsekretær i NLM.
Foto: NLMStår fram for å få kristne til å snakke
– Er det folk som har snudd ryggen til deg?
– Ja, det er det. Nokon har vald å halda seg vekke.
– Kvifor gjorde du dette?
– Dette er jo noko som veldig, veldig mange menneske gjer. Eg trur ikkje det er slik i samfunnet elles. Det er sikkert andre arbeidskonflikter, og eg kunne på ein måte forstått dette dersom eg hadde gjort noko verkeleg ille. Men eg syns ikkje eg er eit så dårleg menneske fordi eg har forlova meg med ein mann som har vore gift før.
Vanskeleg å stå fram
Ho fortel at ho gjer dette for å kanskje hjelpe andre i same situasjon. For då Facebook-innlegget var publisert, kom tårene.
– Eg sat heime og kjente at tårene berre trilla. Det var så mange folk, både som eg kjente og som eg ikkje kjente, som skreiv til meg. Så mange som sa at dette burde eg ikkje gjort, eller iallfall ikkje på den måten. Som sa at eg aldri meir burde få jobba i miljøet.
- Alt dette såra meg veldig.
– Men håpet mitt er jo at det at eg står fram, skal bidra til at vi kristne er litt meir bevisste på korleis vi behandlar kvarandre. Litt meir: Kva ville Jesus, førebiletet vårt gjort, rett og slett!