– Frp må ta eit oppgjer med hatretorikk

Ap-politikar Hadia Tajik tok til tårene etter eit kraftig oppgjer med Frp sin muslim-retorikk i kveldens Debatten-sending på NRK1.

Raste mor Frp

Det blei steile frontar og høg temperatur på tampen av Debatten under kveldens sesongstart på NRK1. Ap-politikar Hadia Tajik hadde ei høne å plukka med Frp etter å gjentekne gonger ha opplevd muslimfiendtleg kritikk frå Frp-politikarar.

– Når det er stortingsrepresentantar som gir godkjenning til utsegn om at eg driv med muslimdominans, oppfordrar til halshogging og drap, då har ein passert ei grense, sa Tajik med eit sylskarpt blikk retta mot Frp sin representant i panelet, Mazyar Keshvari.

Svaret frå Frp sin innvandringspolitiske talsmann Mazyar Keshvari kom lynraskt:

– Frp har aldri framsett dei påstandane du nemner her, det er rart korleis ein debatt om islamisering og ISIL, går over til å dreia seg om deg og ditt ego, Hadia.

Så kom tårene

Tajik refererte spesielt til Frp-politikaren som sit saman med henne i Justiskomiteen, Ulf Leirstein, som førre laurdag sa til Dagbladet at Ap-politikar Tajik må tola det som kan bli oppfatta som muslimfiendtleg «harselas» om kjønn og religiøs tilhøyre.

Leirstein trykte også «likar» på ein Facebook-video der bodskapen var at Tajik godtek oppfordring til drap, noko han i ettertid har lagt seg flat for.

– Frp har eit oppgjer og ein skittentøyvask og ta. Det går ei grense, svara Tajik då Debatten-programleiar Ingunn Solheim torsdag kommenterte at ho aldri før hadde høyrt Ap-politikaren med så tydeleg tale.

Etter at TV-kamera var skrudd av, var Tajik tydeleg letta over å fått levert bodskapen sin. Tårene kom trillande, og ho la raskt ut ei Twitter-melding:

Laster Twitter-innhold

«Uheldig muslimdominans»

Ordkløyvinga mellom Tajik og Leirstein i Frp byrja med at Tajik, som er leiar av Justiskomiteen på Stortinget, kritiserte Frp for mannsdominans blant partiet sine justispolitikarar.

Dagbladet la ut saka på Facebook, og kort tid etterpå hadde Leirstein trykt «likar» på følgjande to kommentarar:

«Uheldig muslimdominans å ha Hadeda Taquia som leder i justiskomiteen»

«Er Hadia Tajik egentlig kjønnsmoden?»

– Når ho vel å kritisera at me brukar menn i våre posisjonar, må ho tola at einskilde stiller spørsmål ved at det er muslimar i justiskomiteen, argumenterte Frp-politikaren då han etterpå blei konfrontert av Dagbladet.

– Bruk Hareide som førebilete

Mazyar Keshvari

Mazyar Keshvari (Frp) er vara på Stortinget for finansminister og Frp-leiar Siv Jensen. Han avviste kontant Hadia Tajik sin kritikk mot Frp og kritiserte Ap-politikaren for å vera egosentrisk.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I Debatten torsdag kveld var Keshvari i Frp oppteken av å distansera partiet frå Leirstein sine utspel.

– Det døme ho viser til, Leirstein har bede om orsaking for det, både til Hadia sjølv, i media og i sosiale media. Hadia Tajik er ikkje interessant for Frp som person men som politikar. Hu trur det dreier seg veldig mykje meir om henne, rasa Keshvari.

Tajik ville bort frå diskusjonen om kven som har uttala seg, men var lynande klar på at leiinga i Frp må koma på banen og ta eit oppgjer internt.

– Når dykkar representantar seier slike ting blir leiinga heilt stille. Solveig Horne har blitt utfordra, ho sa ingen kommentar. Siv Jensen sa ingen kommentar. Justisministeren sa ingen kommentar. Andre parti tek eit oppgjer internt når slike ting skjer, det gjer ikkje Frp, sa Tajik.

Etter debatten seier Tajik til NRK at Frp bør sjå til Knut Arild Hareide. Han kom raskt på banen då Krf-representant Monika Tettli i 2012 skulda dåverande kulturminister Tajik for å utradera norsk kulturarv.

– Han var svært tydeleg og tok eit direkte oppgjer med dei utsegna og sa at det var heilt uakseptabelt. Det er eit slikt type leiarskap Frp manglar i desse sakene, meiner Tajik.

Ho påpeika at Frp ikkje er eit kva som helst parti, men eit regjeringsparti som har makt og som skal motkjempa hatretorikk og førebyggja radikalisering.

Det var Keshvari som fekk siste ordet i Debatten. Lovnader om skittentøyvask fekk Tajik ikkje.

– Det er leit at Hadia har oppfatta ting på den måten, men at Frp har framsett den type påstandar mot henne er rett og slett ikkje riktig. I dei tilfella eg kjenner til, har me bede om orsaking, sa Frp-mannen.

Forskarar: – Frp-retorikk bidreg til ekstremisme

Frp sin krasse ordbruk om muslimar får fornya merksemd etter at den norske islamistiske gruppa Profetens Ummah i eit VG-intervju nyleg proklamerte si støtte til IS sitt drapstokt i Irak.

Forskarar meiner Frp sin retorikk, med ord som «snikislamisering» og påstandar om at alle terroristar er muslimar, har bidrege til å skapa polarisering og fleire ekstreme muslimar i Noreg.

Ifølgje Carl I. Hagen (Frp) er nesten alle terroristar muslimar

Tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen stod fast ved sine tidlegare utsegn om at nesten alle terroristar er muslimar i eit intervju med Aftenposten den 14. august 2011.

Foto: Aftenposten/Faksimile

Avisa Vårt Land har laga ei liste med døme på Frp-utspel om islam og muslimar i løpet av dei siste 10 åra:

  • «Ikkje alle muslimar er terroristar, men nesten alle terroristar er muslimar» - Carl I. Hagen til Aftenposten oktober 2011.
  • «Muhammed er ikkje muslimane sin Jesus, men muslimane sin Hitler» - Leiar i Buskerud Frp, Trond Røed i 2004, i dokumentet «Islam - terrorens religion og ideologi», sendt til 100 av partikollegaene hans.
  • «For meg spelar det ikkje noko rolle om du kallar folk ein islamist eller muslim. Eg synest alle muslimar skal overvakast» - Justispolitisk talsmann i Frp, Jan Arild Ellingsen i 2004.
  • «Islam er ikkje i første rekkje ein religion - det er ein ideologi basert på vald, rasisme og undertrykking, der det er dødsstraff for fråfall» - leiaren av Asker Frp, Trond Ellingsen, i eit debattinnlegg i Asker og Bærums Budstikke for to veker sidan.
  • «La dei små born kome til meg, sa Jesus. Eg kan ikkje skjøna at Muhammed kan ha sagt det same. I tilfelle han måtte ha sagt det same, må det ha vore «La dei små born kome til meg slik at eg kan utnytta dei i min kamp for å islamisera verda» - Carl I. Hagen til frikyrkjelyden Levende Ord i 2004.
  • «Eg hatar Islam og muslimar» - Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp i sin blogg i 2012.