Gåselever, eller «foie gras» er ein fransk delikatesse som blir framstilt gjennom tvangsforing av gjæser.
Det er kjedene Meny, Ultra, Centra, Jacobs og CC Mat, som no stoppar salet av alle gåselever-produkt og tilbakekallar desse frå sine butikkar.
Tvangsforingsmetoden, «gavage», er forbode i i fleire land - også i Noreg. Det er likevel lovleg å importera og selja gåselever her i landet.
– Me har fram til no handla i tråd med det norske lovverket, men ein boikott av gåselever har vore oppe til vurdering den siste tida. Etter mange tilbakemeldingar frå kundane våre stoppar me no salet av dette produktet. Me ønskjer å vera lydhøyre og har gjort ei totalvurdering, seier pressekontakt i Meny Trine Erichsen til NRK.
– Ein siger for dyra
Frankrike står for nesten 80 prosent av den totale foie gras-produksjonen, og framstiller kvart år om lag 22.000 tonn. Fransk lov slår fast at dette er ein del av landet si kulturarv.
Måndag kveld skal gåseleveren ha fordufta frå hyllene til norske Meny.
Dyrevernalliansen applauderer avgjerda, som kjem kort tid etter at alle danske matvarekjeder gjekk saman om ein felles boikott av den omdiskuterte gourmetretten.
I Noreg tok pizzakjeda Peppes det same steget i fjor, og fjerna gåselever frå menyen sin etter mange negative tilbakemeldingar.
– Avgjerda er ein siger for dyra og det langvarige arbeidet som Dyrevernalliansen har lagt ned i denne saka, seier informasjonsansvarleg Karen Frivik.
Organisasjonen meiner det no er på høg tid at norske styresmakter følgjer opp og innfører eit importforbod mot gåselever.
– Me meiner det er dobbeltmoralsk at Noreg på denne måten støttar opp om andre land sin mangel på etikk og moral, seier Frivik.
Vil ha slutt på kylling-sal
«Nettverk for Dyrs frihet» har sidan i fjor sommar drive kampanjen «Forby foie gras. Hvor mye lidelse kan du svelge?».
Nettverket jublar over nyheita om at foie grasen no blir vanskelegare å få tak i i Noreg, og takkar alle som har engasjert seg:
«Nok en gang får vi beviset på at det nytter å engasjere seg og si ifra. Vi håper at alle de som har deltatt vil bli med videre i kampen for å få Foie Gras bort fra alle norske butikker og restauranter for godt», skriv nettverket på sine heimesider måndag.
Både Ultra, Centra og Jacobs og Meny publiserte kunngjeringa på si Facebook-side måndag.
I kommentarfeltet får Meny honnør, men fleire påpeikar også at Meny bør følgja opp med å boikotta annan mat som er tvilsam i eit dyrevelferd-perspektiv.
«Om dere har besluttet og ikke selge produkter hvor dyrevelferd ikke ivaretas, bør dere også sjekke opp i kyllingen dere selger. Den blir også ihel-foret til det punktet at beina knekker og den må leve med store smerter frem til den er stor nok til og bli slaktet», lyder ein av Facebook-tilbakemeldingane.
Erichsen i Meny seier at dei på noverande tidspunkt ikkje har grunnlag for å kommentera om det kan bli aktuelt å fjerna andre produkt på same grunnlag.
– No er det gåselever denne avgjerda er knytta til, men me har løpande dialog med våre leverandørar, det er ein del av det daglege arbeidet i Meny, seier pressekontakten.