Hopp til innhold

Lunsjen er viktigare enn vi trur

– I verste fall kan for lite mat og feil mat føre til arbeidsulykker, seier ernæringsrådgivar Liesbeth Hazes. Og i alle fall kan det gå ut over konsentrasjon og humør.

Smoothie

Illustrasjonbilde: Frukt, bær og nøtter kan vere ein grei lunsj.

Foto: Vilde Boberg Svineng / NRK

Hazes seier lunsjmaten er viktigare enn vi trur, og samarbeider no med Molde bedriftshelseteneste med å betre lunsjvanane på arbeidsplassane, skriv rbnett.no.

Ernæringsrådgivar Liesbeth Hazes

Ernæringsrådgivaren seier det er viktig å ikkje utsette lunsjen.

Foto: privat

– Når vi slurvar med lunsjen skjer det mykje med kroppen vår. Viss vi ikkje et på ei stund går blodsukkeret ned, og då får ikkje hjernen vår nok «bensin». Det gjer at vi blir gretne, sløve, vi tenkjer seinare og i verste fall kan det føre til ulykker, seier Hazes.

Ernæringsrådgivaren seier det er heilt greit å ta ein liten lunsj medan ein arbeider, ved pc-en, på kontorpulten eller kvar det måtte vere. Enkle måltid som ein neve nøtter, ein banan, eit eple eller ein yoghurt er til stor hjelp.

Lunsj

Ein rask lunsj kan du ta innimellom andre gjeremål.

Foto: Kenneth Hætta

I prosjektet som ho og Molde bedriftshelseteneste er i gang med no, er målet at kvar enkelt skal ete sunnare ut i frå eigen ståstad. Nokre ønskjer store endringar, andre berre små justeringar.