André Nevstad er veldig fornøgd med å ha sikra seg Eirik Ulland Andersen.
Foto: Arne Flatin / NRKSportssjef i Hødd André Nevstad er veldig godt fornøgd med at Eirik Ulland Andersen har signert kontrakt ut 2016.
– Eirik er ein ung spennande spelar som passar godt inn i vår profil. Han har stor treningsvilje og eit brennande ønskje om å utvikle seg vidare i saman med laget. Eirik kan spele både på høgre og venstrekant, er målfarleg – og har ved fleire høve vist fram sin presise høgrefot, seier sportssjefen i ei pressemelding.
Nevstad meiner at ein viktig brikke i neste års stall er dermed på plass, og det er han veldig godt fornøgd med.
Andersen ser framover
Andersen sjølv er også godt fornøgd med at avtalen er signert, og ser fram til nye sesongar i Hødd-drakta.
– Overgangen til Hødd i sommar har gitt meg eit løft som fotballspelar, og eg har trivast frå første dag både på og utanfor bana. Eg har stor tru på at både eg og laget skal ta nye steg i 2014-sesongen. I Hødd ligg ting godt til rette for spelarar som vil opp og fram, og med ny stadion under bygging, ser framtida både lys og spennande ut, avsluttar Ulland Andersen.
Scora 5 mål for Hødd
Eirik Ulland Andersen kom i sommar på lån til Hødd frå divisjonskollega SK Vard Haugesund, der han hadde spelt 14 kampar og scora 4 mål. Etter at han kom til Hødd har han spelt 12 seriekampar og scora 5 mål. Eirik er ekte Vard-gut, men har også spelt 2 sesongar for FK Haugesund, i 2011-sesongen fekk han 11 kampar i Tippeligaen.
I 2012 vart han leigd ut til SK Vard Haugesund, og spelte 25 kampar og scora 12 mål. Overgangen til Hødd blir dermed permanent frå 01.01.2014, og Eirik har signert ei kontrakt som strekkjer seg til 30.11.2016.